Utløpt

Geoteknikar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Geoteknikar
Frist
23.10.2020
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk kultur og identitet , samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna  vert tatt vare på. 

Avdelinga skal gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg. Ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi skal samordne aktørar med ansvar for tra?kksikring i fylket. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.

Planlegging og utbyggingsseksjonen har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet; planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og utbygging/byggherre. 

Vår geofaglege miljø består i dag av fem geoteknikarar og fem geologar samt ein teknisk teiknar fordelt på kontorstadane Leikanger og Bergen.

Me søker no etter ein erfaren geoteknikar for å styrke vårt fagmiljø i Bergen.

Arbeidsoppgåver

Som geoteknikar på vår fageining, vil du få utfordrande, interessante, varierte og sjølvstendige oppgåver innan geoteknisk prosjektering. Aktuelle oppgåver er:

  • Ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av grunnundersøkingar 
  • Bestilling av felt-og laboratorieundersøkingar
  • Geoteknisk prosjektering og rådgjeving i planleggings-, prosjekterings- og driftsfase
  • Geoteknisk oppfølging og kontroll under bygging
  • Fagleg vurdering og bistand ved akutte skredhendingar på veg

Hos oss kan du forvente

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling i ein ny og framtidsretta organisasjon
  • Eit fagleg sterkt, kunnskapsdelande og inkluderande fagmiljø   
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling 
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

Kvalifikasjonar

Utdanning frå universitet eller høgskule på master-/ hovudfagsnivå innan fagretning geoteknikk. Det er ønskjeleg at du har tilleggskompetanse innan 3D modellering.
God relevant praksis, og min 5 års erfaring frå det aktuelle fagområde. Søkjar må ha førarkort for personbil kl. B.

Personlege eigenskapar

Som geoteknikar på INV-geofag forventar me at du utfører dine arbeidsoppgåver på ein sjølvstendig og systematisk måte. Det er viktig for oss at du bidrar inn i teamet og arbeidsmiljøet både med kompetanse og kollegastøtte. Me ønsker oss ein kollega som har stå-på-vilje, er positiv, og resultatorientert. Sidan stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer og offentlege etatar er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner, er løysningsorientert og kan bygge tillit. 

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar geofag Stein Olav Njøs på telefon; 95191855.

Anna informasjon 

Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod stilling.

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli
Bransje
Annet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Geoteknikk og ingeniørgeologi

Nøkkelord

geoteknikk,, samferdsle,, veg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Stein Olav Njøs
Stillingstittel
leiar - geofag
Telefon
95 19 18 55
Følg firma
1047 følger dette firmaet

Sandslihaugen 30, 5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 192524188
Sist endret 16. okt. 2020 12:28

Rapporter annonse