Utløpt

Landskapsplanleggar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Landskapsplanleggar
Frist
11.10.2020
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.

På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling. 

Planlegging- og utbyggingsseksjonen (PU) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet; planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og utbygging/byggherre. 

Vi søker no etter ein dyktig og engasjert landskapsplanleggar som kan styrke seksjonen vår. Kontorstad er Bergen eller Leikanger. 

Arbeidsoppgåver

  • Landskapstilpassing og estetisk utforming av veg, gate og tunnel.
  • Utarbeiding av landskapsanalyser.
  • Utgreie miljøtema i samband med konsekvensanalyser.
  • Innkjøp og styring av konsulentoppdrag.

Hos oss kan du forvente

  • Ei faglig utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad.
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø.
  • Gode vilkår for fagleg utvikling.
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.

Kvalifikasjonar

  • Eksamen frå universitet/høgskule innan landskapsarkitektur. Minimum tre år.
  • Erfaring frå planlegging av vegar/tunnelar.
  • Ønskeleg med interesse for og erfaring med visualisering og illustrasjon, samt 3D-visualisering.
  • Ønskeleg med erfaring i bruk av dataverktøy i planlegging og prosjektering (AutoCAD, Novapoint, m.fl.)
  • Førarkort klasse B. I særskilte tilfelle kan kravet fråvikast.

Personlege eigenskapar

  • Initiativrik, sjølvstendig og resultatorientert.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø.

Har du spørsmål til stillinga er du velkomen til å kontakte leiar planlegging Wilhelm Lund på telefon; 91623608

Anna generell informasjon
Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod om stilling.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 
Sektor
Offentlig
Sted
5254 Sandsli
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging,
Arkitekt og planlegging / Landskapsarkitekt

Nøkkelord

Landskap,, infrastruktur,, veg,, samferdsle

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Wilhelm Lund
Stillingstittel
leiar
Telefon
91 62 36 08
Følg firma
1075 følger dette firmaet

5254 Sandsli

Annonseinformasjon

FINN-kode 192455349
Sist endret 23. sep. 2020 10:07

Rapporter annonse