Utløpt

Undervisningsstilling - Lysekloster barneskule

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Frist
11.10.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har to ledige vikariat i 100 % stilling frå 01.12.2020-31.07.2021


Ved Lysekloster barneskule er det ledige vikariat skuleåret 2020/2021 i undervisningsstilling, grunna foreldrepermisjon.


Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.


Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.


Arbeidsstad

Lysekloster barneskule er ein 1.-7. skule med om lag 190 elevar og 25 tilsette. Skulen ligg ved idrettsbanen i Lysefjorden og er tilrettelagt for læring og leik både ute og inne. Bygda og lokalmiljøet er ein viktig arena i skulen si opplæring. I samarbeidet med heimane skal vi skape eit trygt oppvekst- og læringsmiljø for barn i bygda.


Arbeidsoppgåver

Lærararbeid, med undervisning på 4. og 6. trinn i både små og store grupper.

Vi har bruk for medarbeidarar som ser gode løysingar innanfor tilpassa opplæring.


Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning frå Høgskule eller Universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg. Nynorsk er administrasjonsmålet i Bjørnafjorden kommune. Vi treng deg som har erfaring frå småskuletrinnet og har god digital kompetanse.


I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.


Ønska kvalifikasjonar

I tillegg til formell kompetanse, legg vi stor vekt på personlege egenskaper og ser etter deg som:

- inspirerer andre og bidrar til livsglede og arbeidslyst

- bidrar til samarbeid og gode relasjonar blant elevar og i personalet

- skaper engasjement for å sikra godt læringsmiljø og læringsresultat


Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.


Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.


Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.


Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

 

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Edne 11, 5215 Lysekloster
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

undervisning, barneskole, pedagogikk, læringsmiljø, utvikling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lars-Tore Johannessen
Stillingstittel
rektor
Telefon
56 57 52 16
Mobil
40 21 67 33
Følg firma
483 følger dette firmaet

Edne 11, 5215 Lysekloster

Annonseinformasjon

FINN-kode 192260346
Sist endret 2. nov. 2020 14:16

Rapporter annonse