Utløpt

Er du vår nye driftsleiar?

Arbeidsgiver
Statsbygg
Stillingstittel
Driftsleder
Frist
08.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statsbygg

Statsbygg har ei ledig stilling som driftsleiar i Bergen og omland. Drift er organisert i team, og arbeidsstad kan endrast. For tida vil arbeidsstad vere på Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad. 

Som eigar av eigedomar har Statsbygg ansvar for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling. Den som blir tilsett, skal primært jobbe med driftstekniske oppgåver. Som eigar og utleigar legg Statsbygg vinn på å ha eit godt og konstruktivt samarbeid med kundane våre. Difor er god kundebehandling viktig i alle ledd i organisasjonen.

Vi ser etter ein person som trivst med utfordrande oppgåver og høgt tempo, og du må vere opptatt av effektivitet og optimalisering. Statsbygg har høgt fokus på digitalisering av ulike tenester og funksjonar, og på bruk av nye løysingar og ny teknologi. Stillinga gir høve til å bidra til vidareutvikling og effektivisering av Statsbygg sin driftsorganisasjon, spesielt med tanke på ny teknologi, klima og miljø.

Arbeidsoppgåver

  • Stå for, systematisere og legge til rette for drift og verdibevarande vedlikehald av bygningar, tekniske anlegg og uteområde
  • Drift av teknisk anlegg ved hjelp av SD-anlegg
  • Bestille og følgje opp eksterne leveransar etter forskrift om offentlige anskaffelser, administrasjon og fakturabehandling
  • Utarbeide og setje seg inn i statusoversikter og tilstandsanalysar for eigedomane, innanfor drift og vedlikehald
  • Aktivt medverke til at Statsbygg når dei måla som er sette innanfor ulike satsingsområde for til dømes miljø, energi og universell utforming
  • Bidra til god kundebehandling mellom leigetakar og Statsbygg
  • Systematisk innhenting av FDV-dokumentasjon ved endringsarbeid
  • Oppfølging av mindre byggeprosjekt/prosjektleiing
  • Andre oppgåver i team-området kan bli lagde til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev, fortrinnsvis innan VVS, automatikar og med erfaring frå byggautomasjon og tekniske anlegg. Teknisk fagskule er ønskjeleg, men ikkje eit krav
  • Minimum fem års relevant praksis
  • Erfaring innan drift og vedlikehald av eigedom er ønskjeleg, samt erfaring frå energianlegg, byggautomasjon og kjøleteknikk 
  • Fordel med erfaring frå kunderetta verksemd og innkjøp
  • Gode ferdigheiter og erfaring med dagleg bruk av IKT-baserte system, medrekna Office-pakka, er nødvendig
  • God framstillingsevne på norsk, skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Målretta, systematisk og løysingsorientert
  • Sjølvstendig, engasjert og avgjerdslojal
  • Evne til å skape gode relasjonar og samarbeid internt og eksternt
  • Kunde- og serviceorientert

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit godt og utviklande fag- og arbeidsmiljø
  • Eit unikt høve til å ta del i ein utviklingsorientert organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Hyggeleg arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid internt og eksternt 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitid, overtidsbetaling og gode velferdsordningar, som til dømes støtteordning for trening
  • Stillinga blir løna i stillingskoden som driftsleiar frå kr 470.000 til kr 550.000, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvali?serte søkjarar kan ein vurdere høgar løn. Frå bruttoløna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse

Om arbeidsgiveren

Statsbygg er en av Norges største byggherrer og
eiendomsforvaltere, og gir råd til staten i bygge- og eiendomssaker. På vegne
av staten leder vi noen av landets største byggeprosjekter og tar vare på noen
av våre aller viktigste eiendommer. Statsbygg skal tenke og handle langsiktig,
og derfor er det viktig at vi setter oss ambisiøse og ansvarlige mål. Vi skal
være en virksomhet som ser kundenes behov i dag og i framtiden, og satser
spesielt på digitalisering, innovasjon og klima. 


Vi mener at inkludering og mangfold er en styrke. Vi ønsker medarbeidere med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiver for å bidra til enda bedre oppgaveløsning. Vi vil tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel være tekniske hjelpemidler, tilpasning av møbler eller endring av rutiner, arbeidsoppgaver og arbeidstid. Les mer om inkludering og mangfold her


 Etter søknadsfristens utløp vil det bli utarbeidet offentlig søkerliste. Søkere
kan bli oppført på søkerlisten selv om vedkommende har anmodet om konfidensiell
behandling. Søkere vil i så fall bli varslet før offentliggjøring.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Bygg og anlegg,
Eiendom,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Ingeniør

Nøkkelord

drift, vedlikehold, automasjon, bygg, teknisk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Asle Tveiterås
Stillingstittel
underdirektør
Telefon
99 24 06 60
Følg firma
1689 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 191923678
Sist endret 18. sep. 2020 13:22

Rapporter annonse