Utløpt

Arbeidsleiar

Arbeidsgiver
Knarvik Industri og Miljø As
Stillingstittel
Arbeidsleiar Gjenbruksbutikken
Frist
11.10.2020
Ansettelsesform
Fast

Arbeidsleiar ved KIM AS Gjenbruksbutikken har i korte trekk tre fokusområder:

1.    Bidra til godt arbeidsmiljø for tilsette og gode opplevingar for kundar

2.    Arbeidsleiing for VTA tilsette (Varig Tilrettelagt Arbeid)

3.    Effektiv butikkdrift av Gjenbruksbutikken.

Primæroppdraget for arbeidsleiar er å fylgje opp tilsette på VTA ordninga. Bidra til at kvar enkelt får brukt sine evner, slik at dei oppleve meistring og vekst i fellesskap med andre.

Sekundært - men like viktig - skal arbeidsleiar drive butikk. Vere ein god "Kremmar" Kunne sjå verdien av gjenbruk og gleda av å tilby eit breitt spekter av varer til kundane våre. Me ynskjer at våre kundar opplever møte med oss som ei positiv oppleving, og at dei snakkar vel om oss til sine venner og kjente!

Arbeidsdagen vil vere variert. Ein må kunne "sjaue" litt, rydde, sortere og plassere ut varer i butikken, men og ta ansvar for profilering og marknadsføring på fb og på nettsida. Like viktig som sertifikat kl B med manuelt gir, er kjennskap til Excel rekneark og rapportering i vårt digitale journalsystem. For å kunne vere aktuell for stillinga må ein vere "både og", og ikkje "anten eller".

Me ynskjer oss søkjarar som snakkar og skriv norsk. Tydeleg god språk er naudsynt for å kunne kommunisere med dei av våre VTA tilsette som har utfordring med finne dei rette orda. Me ynskjer oss ein persom med interesse for salg og marknadsføring, og som veit kva ting kostar - eller bør koste. Til slutt må vår neste arbeidsleiar vere tolmodig, og tydeleg, og likevel få arbeidet gjort.

Dersom du er ein omsorgsperson med erfaring frå salg, butikkdrift, marknadsføring, og sansen for miljø og gjenbruk - Ja då kan du vere den me leitar etter!

Me tilbyr god lønn, god pensjonsordning og arbeidstid ca 08 - 16.00 man - fredag. (Annakvar torsdag ca 12100 - 19.15.)

Om arbeidsgiveren

Knarvik Industri og Miljø AS er eit heileigd kommunalt aksjeselskap. Me gjev tilbod til 30 tilsette på VTA, og 7 personar på kommunalt dagtilbod. Inkludert dagleg leiar er me 10 arbeidsleiarar fordelt på 9,8 stillingar. Produktspekteret av varer og tenester er stort, og omsettnaden er omlag 12 mill pr år.
Produksjonslokala og butikkane våre ligg sentralt i Knarvik like ved det nye helsehuset.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Kvassnesvegen 52, 5914 Isdalstø
Bransje
Butikk og varehandel,
Miljøtjenester,
Annet
Stillingsfunksjon
Butikkansatt,
Omsorg og sosialt arbeid,
Salgsledelse

Nøkkelord

Arbeidsleder, Brukthandel, Gjenbruk, Salg, Markedsføring

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Morgan Taule
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
47 46 11 06
Følg firma
19 følger dette firmaet

Kvassnesvegen 52, 5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 191898819
Sist endret 30. okt. 2020 12:04

Rapporter annonse