Utløpt

HR-leiar/HR-rådgjevar

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
HR-leiar/HR-rådgjevar
Frist
12.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Helse Vest IKT er eit av dei største IKT-selskapa på Vestlandet, og legg stoltheit i å ha korte tenestevegar, godt arbeidsmiljø og høgt kvalifiserte medarbeidarar. Selskapet er i vekst, og treng å styrke HR-området. Vi har ledig stilling som HR-leiar/HR-rådgjevar for snarleg tilsetjing. Stillinga vil vere ein viktig ressurs for leiinga i selskapet.

Ansvarsområde vil vere HR, med særleg vekt på å bidra til organisasjons- leiar-, og kompetanseutvikling, samt arbeid med bemanning- og rekrutteringsstrategi. Stillinga vil også vere sentral i arbeidet med generell leiarstøtte innanfor personalområdet.
Det er viktig for oss at du har god innsikt i HR, er opptatt av service, har godt humør, evne til å lytte, og trivst i ein organisasjon i endring. Verksemda er i ferd med å oppdatere strategi og forretningsplan, noko som kan gje endringar i organisering.

Helse Vest IKT har lokaler i Bergen, Haugesund, Førde og Stavanger, slik at arbeidsstad vil kunne vere ein av desse.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til utvikling av leiarroller og leiarar
  • Støtte til organiasjonsutvikling
  • Kompetanse- og bemanningsplanlegging
  • Koordinering og støtte til rekruttering og onboarding
  • Bistand i forbetring- og endringsarbeid
  • Samhandling med tillitsvalde og fagforeningar
  • Samhandling med føretaka i Helse Vest

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på bachelor/masternivå
  • Røynsle frå HR-arbeid
  • Røynsle frå ein kunnskapsorganisasjon
  • God kunnskap om relevante lov-, avtale- og regelverk
  • Røynsle frå bruk av relevante IKT-verktøy

Personlege eigenskapar

  • Du blir sett på som serviceinnstilt og imøtekommande
  • Du er sjølvstendig og initiativrik
  • Ditt arbeid er strukturert og nøyaktig
  • Du er god til å lytte og kommunisere

Vi tilbyr

  • Gode høve til fagleg og personlig utvikling
  • Motiverte og kunnskapsrike kolleger
  • Godt sosialt miljø
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar 

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 600 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Sted
Ibsensgate 104, 5053 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4016 Stavanger
  • 6800 Førde
  • 5517 Haugesund
Bransje
Helse og omsorg,
IT
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erik M. Hansen
Stillingstittel
Adm. dir
Telefon
93 23 04 22
Kontaktperson
Leif Nordland
Stillingstittel
Økonomisjef
Telefon
90 66 26 30
Følg firma
827 følger dette firmaet

Ibsensgate 104, 5053 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 191828579
Sist endret 17. sep. 2020 14:16

Rapporter annonse