Utløpt

Eigedomslandmålar

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Eigedomslandmålar
Frist
18.10.2020
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylke skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylket skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk kultur og identitet , samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna  vert tatt vare på. 

Avdelinga skal gjennomføre planlegging, utbygging, drift og vedlikehald av om lag 5600 km fylkesveg. Ivareta fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi skal samordne aktørar med ansvar for tra?kksikring i fylket. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.

Planlegging og utbyggingsseksjonen har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland fylke. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet; planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og utbygging/byggherre. 

Vi søkjer etter to eigedomslandmålarar med kontorstad Leikanger. Andre kontorstader kan vurderast. 

Arbeidsoppgåver

Ein vil få utfordrande, varierte og sjølvstendige oppgåver innan eigedomslandmåling / eigedomsforvaltning. Aktuelle oppgåver er:

  • Oppmåling av nye eigedomsgrenser etter bygging av veg
  • Styre oppmåligsforretning etter matrikkellova
  • Representere fylkeskommunen i oppmålingssaker kravd av andre
  • Samarbeid med kommunar i høve til matrikkelføring

Hos oss kan du forvente

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø   
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling 
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår 

Kvalifikasjonar

I utgangspunktet krev vi 3-årig utdanning frå universitet/høgskule innan fagområdet. For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå det aktuelle fagområdet og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for personbil kl. B.

Det er ønskjeleg med erfaring innan landmåling, men vi vil også oppmoda nyutdanna til å søkja.

Personlege eigenskapar

I denne jobben vil ein  ha mykje kontakt med eksterne aktørar, og vi legg difor vekt på gode samarbeidsevner, sjølvstendig og systematisk arbeidsform og god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne. Vi ønskjer at du er initiativrik, engasjert og resultatorientert og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Stillingstittel vil bli tilpassa kvalifikasjonane til dei som får tilbod stilling.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Askedalen 4, 6863 Leikanger
Flere arbeidssteder
  • 5254 Sandsli
Bransje
Annet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Oppmåling og kartlegging,
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging

Nøkkelord

Landmåling,, infrastruktur,, veg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Odd-Sverre Johansen
Stillingstittel
leiar - Grunnerverv
Telefon
95 19 19 13
Følg firma
1076 følger dette firmaet

Askedalen 4, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 191825932
Sist endret 21. sep. 2020 09:13

Rapporter annonse