Utløpt

Vil du vere med å utvikle Firdaposten vidare?

Arbeidsgiver
Firdaposten AS
Stillingstittel
Firdaposten søker journalist/frontredigerar i fast stilling
Frist
05.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med AMEDIA AS

 

Vi er på jakt etter ein journalist som ser dei gode nyheitssakene, som ivrar etter å presentere dei raskt – og som evnar å gjere det i ulike kanalar.

I Firdaposten tenkjer vi digitalt først. I tillegg til å vere skrivande, vil du også ha video, streaming, podkast som moglege arbeidsverktøy. Har du kompetanse på frontredigering, vil du få nytte av den. Vi forventar ikkje at du beherskar alt frå første dag, men du må vere open for å tenkje nytt og lære deg nye ting raskt.

 

Vi søkjer deg som

  • Både kan jakte på dei store avsløringane, men også handtere dei små, kjappe nyheitene
  • Likar å ta ansvar, jobber sjølvstendig og er kreativ
  • Vert trigga av at sakene dine blir lesne og heiar frem andre for å nå felles mål
  • Brenn for lokalsamfunn og ser viktigheita av god lokaljournalistikk
  • Har gode idéar og er uredd

    Vi tilbyr fleksible arbeidsoppgåver ut frå tidlegare kunnskap og erfaring, men vi legg stor vekt på digital kompetanse og journalistisk erfaring. Har du journalistutdanning er det ein fordel, men ikkje noko krav.

Høyrest dette fristande ut, kan vi by på:

  • Eit svært godt arbeidsmiljø midt i den trivelege kystbyen Florø
  • Svært varierte arbeidsoppgåver, der du blir ein del av redaksjonens turnus
  • Mykje gode kurs og fagleg påfyll frå eit konsern som er leiande innan lokalavisdrift i Norge
Les meir her om korleis det er å jobbe i Amedia her - https://karriere.amedia.no/ 
Viss dette høyrest interessant ut, send ein søknad til redaktør Svend Arne Vee på svend@firdaposten.no, eller ring 90847465 om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon.

 


 

Om arbeidsgiveren

Firdaposten er den største avisa på kysten av Sunnfjord i Vestland fylke, med ei omsetning på rundt 20 millionar og åtte tilsette. Avisa har eit veksande opplag på i overkant av 5000, der om lag halvparten er heildigitale abonnentar. Papiravis gir vi ut to dagar i veka. Firdaposten har hovudredaksjon i Norges vestlegaste by Florø, i Kinn kommune. Firdaposten er ein del av mediekonsernet Amedia.

Sektor
Privat
Sted
Markegata 65, 6900 Florø
Bransje
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Journalist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Svend Arne Vee
Stillingstittel
Ansvarlig redaktør/daglig leder
Telefon
90 84 74 65
Følg firma
338 følger dette firmaet

Markegata 65, 6900 Florø

Annonseinformasjon

FINN-kode 190905594
Sist endret 6. okt. 2020 00:16

Rapporter annonse