Utløpt

Erfaringskonsulenter, 2*100% stillingar til Rus og psykisk helse sone nord

Arbeidsgiver
Øygarden kommune
Stillingstittel
Erfaringskonsulenter, 2*100% stillingar til Rus og psykisk helse sone nord
Frist
27.09.2020
Ansettelsesform
Prosjekt

Om avdelinga:

Rus og psykisk helse er organisert under kommunalsjefområde Helse og velferd, deretter er tenesta inndelt i 3 soner. Tenesta har no ledig 2 eit-årige prosjektstillingar for medarbeidarar med brukererfaring. Kommunen har fått tilskot frå fylkesmannen til desse stillingane for eit år om gongen. Fylkesmannen vil verte søkt om tilskot årleg inntil 4 år for prosjektstilling . Desse stillingane vil væra organisert inn i tenesta på tvers av sonane for å sikra best mogleg nytte av deira kompetanse og erfaring. Tenesta Rus og psykisk helse består av oppfølgingsteneste, bu- og omsorgstilbod for brukargruppa samt oppfølging av ulike støttetiltak.

Arbeidsoppgåver:

  • Møta brukarane på ein personleg og nær måte (brukarkontakt).
  • Planleggje og organisera aktiviteter med brukarane
  • Jevnleg samarbeid med dei andre erfaringskonsulentane for å styrka og utvikla arbeidet
  • Representera håp, motivera og væra ein positiv rollemodell
  • Losa brukaren inn i ulike aktiviteter som vedkommande på sikt kan delta i sjølve
  • Losa brukaren inn på rusfrie arenaer/ettervernstiltak.
  • Motiveringssamtalar med brukarar
  • Journalføring
  • Delta på teammøter, kurs m.m.
  • Væra fleksibel og tilgjengeleg

 

Kvalifikasjonar: 

  • Erfaring med rus og eller psykisk lidelse.
  • Minimum 3 års rusfrihet/tilfriskning
  • Må ha førerkort klasse B
  • Villig til å dela og bruka eigne erfaringar og væra eit bindeledd mellom brukarar og fagfolk
  • Kunne arbeida systematisk, sjølvstendig og langsiktig.
  • Beherska norsk munnleg og skriftleg
  • Fortruleg med bruk av IT
  • Gode samarbeidsevner
  • Gjennomført grunnskulen
  • Fordel om man har erfaring frå arbeid som medarbeidar med brukarerfaring

 

Ønskjeleg med:

  • Relevante kurs / utdanning innan brukarerfaring

 

Personlege eigenskapar:

  • Avklart forhold til egen ruserfaring og eller psykiske helse
  • Minimum 3 års rusfrihet/tilfriskning
  • Må ha førerkort klasse B
  • Gode samarbeidsevner

  

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Einingsleiar Frode Andvik

Tlf: 41574535

Frode.andvik@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Administrasjonsspråket er nynorsk. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Omsorg og sosialt arbeid,
Omsorg og sosialt arbeid,
Omsorg og sosialt arbeid

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frode Andvik
Telefon
41 57 45 35
Følg firma
323 følger dette firmaet

5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 190905589
Sist endret 17. sep. 2020 11:27

Rapporter annonse