Utløpt

Helsesjukepleiar 2x 100% prosjektstilling og 100% vikariat- Barn, unge og familietenester (BUFT)

Arbeidsgiver
Øygarden kommune - Oppvekst
Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Frist
30.09.2020
Ansettelsesform
Vikariat

Barn, unge og familietenester (BUFT) i Øygarden kommune har ledig to 100% prosjektstillingar og eit 100% vikariat for helsesjukepleiar for arbeid i helsestasjon og skulehelsetenesta. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid i helsestasjon- og skulehelsetenesta
  • Arbeid med familiar som treng ekstra oppfølging

Kvalifikasjonar:

Må ha:

  • Autorisert helsesjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid  i helsestasjon- og skulehelsetenesta
  • Erfaring og interesse for arbeid med ungdom og arbeid med sårbare familiar
  • Ein må ha interesse for og kunnskap om undervisning til grupper/klasser i skulehelsetenesta
  • Erfaring frå arbeid med grupper på helsestasjonen

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig

Anna:

Helsestasjon- og skulehelsetenesta har fått midlar til prosjektstilling for 2020 som skal nyttast til å  utvikla og styrka tilbodet til barn og unge i kommunen. Oppgåvene er varierte og spanande. Dei to prosjektstillingane varer i første omgang ut 2020. Det vert søkt nye midlar årleg ein tar sikte på at stillingane i første omgang kan forlengast ut skuleåret 2020/2021.

Vikariatet varer i første omgang ut 2021.

Då det er store avstandar i kommunen er det naudsynt at ein har førarkort og disponerer bil i tenesta.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 38 500 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Blombakkane 3, 5354 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Helsesykepleier

Nøkkelord

helsesykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Berit Algrøy
Telefon
55 09 68 07
Følg firma
323 følger dette firmaet

Blombakkane 3, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 190871911
Sist endret 9. sep. 2020 09:26

Rapporter annonse