Utløpt

Arkivar - seniorkonsulent

Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Stillingstittel
Arkivar - seniorkonsulent
Frist
04.10.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Oslo
Om stillinga

Vi har for tida ei ledig stilling som seniorkonsulent SKO 1363 ved Det samfunnsvitskaplege fakultet innan arkiv.

Arkivtenestene ved UiO skal gjennomføre fleire større prosjekt og omstillingar fremover og vi treng deg som kan vere både ein pådrivar og ein gjennomførar.

 

Universitetet i Oslo har i dag desentraliserte arkivtenester, men det er gjort vedtak om at tenestene skal sentraliserast under ei felles leiing. Målet med omstillinga er å skape eit robust fagmiljø og styrke kvaliteten i dokumentasjonsforvaltinga ved universitetet, effektivisere og arbeide meir heilskapleg på tvers. I tillegg er sentralisering naudsynt for å ta i bruk nye løysingar for sakshandsaming og arkiv som for tida er ute på anbod.

Stillinga vil i starten ha arbeidsstad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, men den som får stillinga vil få endra arbeidsstad og organisatorisk plassering i samband med sentralisering av tenestene.


Arbeidsoppgåver
  • Dagleg drift av arkiv, journalføring og kvalitetssikring
  • Systemforvalting, brukarstøtte og opplæring
  • Arkivfaglege utviklingsoppgåver og prosjektdeltaking
  • Fagleg rådgjeving i arkivspørsmål

Kvalifikasjonskrav 
  • stillinga krev relevant utdanning frå universitet eller høgskole, minimum tilsvarande bachelorgrad . Realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.
  • dokumentert erfaring frå arbeid med dokumentasjonsforvalting/arkiv innan offentleg sektor
  • god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar
  • Evne til å initiere endringar,
  • Fleksibel og trivast med å utføre både rutinemessige og meir komplekse oppgåver
  • Evne til å bygge relasjonar og få folk med på løysingar
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Det vil bli lagt vekt på om søkaren høver i stillinga

Vi tilbyr
  • løn som arkivar - seniorkonsulent kode 1363 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 479 600 og kr 552 800, avhengig av kompetanse evt. og ansiennitet. For særleg godt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
  • gode sjansar for fagleg utvikling og å få vere med på å forme arkivtenestene ved Universitetet i Oslo


Søknaden skal innehalde
  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.


Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift (http://www.uio.no/for-ansatte/arbeidsstotte/personal/ia/) vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.


Kontaktinformasjon

Fakultetsdirektør: Gudleik Grimstad, tlf: +47 22856265, e-post: gudleik.grimstad@sv.uio.no

Arkivleiar ved UiO: Lena Andersen, tlf: +47 22855330, e-post: lena.andersen@admin.uio.no


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Universitetet i Oslo er det største samfunnsvitskaplege fagmiljø i Noreg og rangert som nummer to i Norden. Fakultetet har ei rekkje forskingsmiljø som er leiande internasjonalt, og har hatt to Nobelprisvinnarar. Vi har 460 tilsette og 5300 studentar. Fakultetet tilbyr 22 studieprogram på bachelor- og masternivå, 2 profesjonsutdanningar og ph.d.-program innan 7 studieretningar.

Sektor
Offentlig
Sted
Moltke Moes vei 31, 0851 Oslo
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon,
Museer, gallerier og kulturminne
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
Rådgivning,
Saksbehandler
Følg firma
3805 følger dette firmaet

Moltke Moes vei 31, 0851 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 190332306
Sist endret 7. sep. 2020 16:46

Rapporter annonse