Utløpt

Vil du bidra til å auke kunnskapen i samfunnet om klima og miljø?

Arbeidsgiver
Miljødirektoratet
Stillingstittel
Miljødirektoratet søker kommunikasjonsrådgivar
Frist
27.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med MILJØDIREKTORATET
Om stillinga

Fast stilling i Trondheim

Miljødirektoratet vil vere ein synleg og ettertrakta ekspertkjelde til kunnskap om klima og miljø. No er vi på jakt etter ein erfaren kommunikasjonsrådgivar som synleggjer oss som ein viktig og tydeleg samfunnsaktør og set klima og miljø på dagsorden.

Du er ein fagleg sterk kommunikasjonsrådgivar med god innsikt i mediearbeid. Du forstår korleis ein stor organisasjon som Miljødirektoratet fungerer og utfordringane som følgjer med å kommunisere på vegner av ein offentleg etat. Du leverer gode analysar og bidrar til det strategiske kommunikasjonsarbeidet og kan kombinere mediearbeid med andre kanalar som sosiale medium og nettutvikling.

Kommunikasjonsavdelinga er til saman 21 medarbeidarar fordelte på Brattøra i Trondheim og Helsfyr i Oslo. Vi jobbar tett opp mot leiinga og fagavdelingane. Vi gir råd til leiinga og andre tilsette, utviklar bodskap, handterer presse og sosiale medium og produserer innhald til ulike kanalar. 

Den kunngjorde stillinga er ved kontoret vårt i Trondheim.


Stillinga sine arbeidsoppgåver
  • planlegge og gjennomføre kommunikasjonsarbeid saman med fagavdelingane
  • analysere og evaluere kommunikasjonstiltak
  • ha god og aktiv kontakt med pressa 
  • delta i pressevaktordning
  • vere ein etterspurd sparringpartnar og rådgivar i organisasjonen 
  • utføre andre kommunikasjonsoppgåver
  • fotoredigering, produksjon og redigering av video
  • arbeide i sosiale og andre digitale medium

Kompetansekrav

Kvalifikasjonar

  • mastergrad frå relevant kommunikasjonsfagleg utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse på masternivå
  • god kjennskap til arbeidsmetodane og behovet til media, og kunnskap om korleis ei mediesak blir til
  • gjerne erfaring med nettpublisering og utvikling av nettsider
  • glad i å skrive og svært gode evner innan skriftleg kommunikasjon
  • god teft for Miljødirektoratets verksemd og samfunnsoppdrag
  • gjerne erfaring frå fotoredigering, produksjon og redigering av video
  • gjerne erfaring med profesjonelt arbeid i sosiale og andre digitale medium

Eigenskapar

  • Du har stor gjennomføringsevne og leverer rett kvalitet til rett tid.
  • Du har gode strategiske og analytiske evner og er strukturert.
  • Du er modig og tør å utfordre måten vi jobbar på.
  • Du er samfunnsinteressert, engasjert og løysingsorientert.
  • Du er nysgjerrig og interessert i nye kommunikasjonsformer og trendar.
  • Du har gode samarbeidsevner.

Vi tilbyr
  • fast stilling 
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)
  • lønn som seniorrådgivar, i lønnsspennet kr. 532 300 (ltr. 60) til kr. 704 900 (ltr. 75), etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkarar kan vurderast høgare.

Spørsmål om stillinga og korleis søke

Kontaktperson for stillinga er kommunikasjonsdirektør Kjetil Hillestad, tlf. 479 73 546 (kjetil.hillestad@miljodir.no), eventuelt seniorrådgivar Guri Sandvik, tlf. 928 94 797 (guri.sandvik@miljodir.no).

Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.

Merk søknaden: 33-2020 KOM

Søknadsfrist: 27.09.2020

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket blir evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utleverte til andre i samanheng med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Her er lenke til vår personvernerklæring (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/).

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne, hol i CV og personar med innvandrarbakgrunn.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst éin søkjar i kvar av disse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Les mer om krava på Arbeidsgiverportalen. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige verksemder rapporterer i sine årsrapporter.


Om arbeidsgiveren

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har om lag 730 faste tilsette ved kontora våre i Trondheim og Oslo, og i Statens naturoppsyn (SNO), som er lokalisert 58 stader i landet. 

Sektor
Offentlig
Sted
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Journalist,
Tekstforfatter,
Foto, lyd og lys
Følg firma
2611 følger dette firmaet

Brattørkaia 15, 7010 Trondheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 189526732
Sist endret 11. sep. 2020 15:09

Rapporter annonse