Utløpt

Pedagogisk leiar - 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
Vang Kommune
Stillingstittel
100 % fast stilling som pedagogisk leiar
Frist
13.09.2020
Ansettelsesform
Fast

Fredheim barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leier. Stillinga er ledig frå 01.01.2021.

Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjerte pedagog som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang. Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst, og me er no i vårt tredje år i denne satsinga. Vert du med oss på laget?

Fredheim barnehage er lokalisert i Vang sentrum. Barnehagen held til i flotte og nyoppussa lokalar, og har utedagar i naturskjøne omgjevnadar.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Ynskjeleg med spesialpedagogisk kompetanse og erfaring
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

 Me ser etter deg som
  • er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • er strukturert og endringsvillig

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov - og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen har personalbustadar for leige
  • Flyttegodgjersle etter kommunens reglement 

 

Vang kommune nyttar nynorsk som målform.
 
Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. Ved tilsetjing vert det krevd politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd.

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk gjennom heimesida.

Spørsmål om stillingane kan rettast til barnehagestyrar Karin Trøen, tlf. 61 36 94 90 - 928 912 31 eller kommunalsjef Tommy-René Stordal 61 36 94 20.

 

Vang kommune har vurdert marknadsføring av stillinga og ynskjer berre kontakt med søkjarar.

Om arbeidsgiveren

Vestlandsfjell og Austlandsklima er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv. 

Sektor
Offentlig
Sted
Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Karin Trøen
Stillingstittel
Barnehagestyrar
Telefon
61 36 94 90
Kontaktperson
Tommy-René Stordal
Stillingstittel
Kommunalsjef Oppvekst, kultur og integrering
Telefon
61 36 94 20
Følg firma
24 følger dette firmaet

Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres

Annonseinformasjon

FINN-kode 189098642
Sist endret 24. aug. 2020 15:32

Rapporter annonse