Utløpt

Vil du vere med å byggje eit sterkt fagmiljø for viktige økonomiske indikatorar i SSB?

Arbeidsgiver
Statistisk sentralbyrå
Stillingstittel
Førstekonsulent/rådgivar
Frist
31.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statistisk sentralbyrå

I Seksjon for næringslivets konjunkturar er det ledig ei stilling som førstekonsulent/rådgivar. Stillinga sine oppgåver ligg innanfor statistikk om varehandel og tenestenæringar, men stillinga kan òg bli tillagt andre oppgåver i seksjonen. 

Seksjonen har om lag 20 årsverk og har ansvaret for månadlege og kvartalsvise statistikkar som er viktige for å forstå konjunkturutviklinga i Noreg. Seksjonen arbeider tett opp mot kvartalsvis nasjonalrekneskap og konjunkturtendensane i Forskingsavdelinga i SSB.

Jobben er å gjennomføre undersøkingar om emnet varehandel og tenesteyting: innsamling og kontroll av data, og samanstilling av resultat. Du skal formidle resultata og gjere analyser innanfor statistikkområdet. I tillegg vil det vere oppgåver knytt til forbetringsarbeid og utvikling av statistikkane. Du vil òg få vere med å utvikle ny konjunkturstatistikk som vil gje eit betre bilde av norsk næringsliv. 

Vi søker etter deg som har interesse for emnet og relevant bakgrunn, som kan bidra til å vidareutvikle statistikkproduksjonen innanfor konjunkturområdet. Er du ein av dei vi treng?

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av undersøkingar om tema varehandel og tenesteyting
  • Utvikling, drift, kvalitetssikring og dokumentasjon av statistikkar
  • Tolking, analyse og formidling av resultata
  • Arbeidsoppgåvene for rådgivar vil vere meir sjølvstendige og ligg på et høgare nivå enn stilling som førstekonsulent

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på mastergradsnivå, til dømes siviløkonom eller samfunnsøkonom
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
  • Gode IT-kunnskapar, gjerne erfaring med programmering
  • Ønskeleg med kompetanse om konjunkturanalyse/tidsserieanalyse
  • Ønskeleg med erfaring innanfor statistikkproduksjon
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for krav til utdanning

Personlege eigenskapar

  • Gode analytiske evner og god talforståing
  • Pliktoppfyllande og kvalitetsbevisst
  • Evne til å arbeide systematisk og målretta
  • Gode samarbeidsevner
  • Initiativ og evne til nytenking
  • Personleg eigna til stillinga

Vi tilbyr

  • Lønn som førstekonsulent/rådgivar, kr. 456 400 - 552 800 etter kvalifikasjonar. Høgare lønn og/eller
    stillingskode kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte
  • Eit sterkt fagleg miljø med høve til eigenutvikling, i ei verksemd med eit viktig samfunnsansvar
  • Fleksibel arbeidstid, treningstilbod og god pensjonsordning
  • Lyse og trivelege lokale sentralt i Oslo


Generelt

  • Attestar/vitnemål skal registrerast/ bli lagde ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Søkjarar som blir innkalla til intervju, blir bedne om å ta med originalar eller stadfesta kopiar av attestar og vitnemål. Vi utfører kontroll av dokument, og vi gjennomfører bakgrunnsjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetjing. 
  • Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom den ønska reservasjonen ikkje vil bli teken til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir utforma. 
  • Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer derfor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
  • Vi oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
  • Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Om arbeidsgiveren




Statistisk sentralbyrå ? tal som fortel







Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg og har ei omfattande forskings- og analyseverksemd. Vi har rundt 850 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet. 







SSB publiserer dagleg statistikk og analysar på ssb.no og har eit stort kontaktnett, òg internasjonalt.







Vi er ei kompetansebedrift med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver, som satsar målretta for å modernisere SSB og byggje ein framtidsretta organisasjon.

Sektor
Offentlig
Sted
Akersveien 26, 0177 Oslo
Bransje
Annet,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Analyse,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

Statistikk, Konjunkturar, Økonomi, Analyse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jan Henrik Wang
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
21 09 47 20
Følg firma
956 følger dette firmaet

Akersveien 26, 0177 Oslo

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 187956434
Sist endret 14. aug. 2020 08:07

Rapporter annonse