Utløpt

Produsent

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Produsent
Frist
04.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Produsent

UiB læringslab er ei drivande kraft i utviklinga av digital undervising, vurdering og formidling ved UiB. Medarbeidarane i UIB læringslab har kompetanse på studiekvalitet, læringsstøtte, etter- og vidareutdanning, bruk av digitale verktøy, universitetspedagogikk, formidling og medieproduksjon.  
 
Ved UiB læringslab er det ledig ei 100 % fast stilling som produsent (stillingskode rådgjevar). Stillinga går inn i ein produksjonsstab som er samansett av medarbeidarar med kompetanse innan audiovisuell historiefortelling, produksjon og -teknikk. Produksjonsstaben er tilsett i Kommunikasjonsavdelinga ved Universitetet i Bergen, men har sitt arbeidsstad og -leiing i UiB læringslab.  
 


Arbeidsoppgåver:

Som produsent vil dine hovudoppgåver være å støtte tilsette som ønsker å ta i bruk nye medier i samband med undervisning og formidling. Du må kunne identifisere, scripte, produsere og presentere videoar, og meistre planlegging og praktisk gjennomføring av ulike medieproduksjonar på digitale flater. Du må kunne formulere gode manuskript, og ha erfaring med produksjon av video og lyd til ulike formål. Erfaring frå studioproduksjonar vil være eit føremon. Vi ønsker oss ein person som tek sjølvstendige initiativ, og  som kan spele på lag med dei fagleg tilsette i utviklinga av audiovisuelt innhald for undervisning.  Kunnskap om god læringsdesign og noko redaksjonell erfaring vil være eit føremon.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha utdanning på mastergradsnivå, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved lang relevant praksis og/eller etter- og vidareutdanning
  • Erfaring med audiovisuelle produksjonar, frå ide til ferdig produkt, er eit krav
  • Kreativ, med evne til å utvikle visuelle konsept
  • Erfaring med prosjektleiing og planlegging av produksjonar
  • Solide kunnskapar i å filme og redigere video
  • Erfaring med studieproduksjonar er ønskjeleg
  • Erfaring med og interesse for ny digital formidlingsteknologi
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk og engelsk
  • Sjølvstendig, initiativrik, samarbeids- og løysingsorientert, kommunikativ og positiv

 Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. 


Vi kan tilby:
  • Utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø 
  • Stilling som rådgiver (kode 1434)i ltr. 58-62 (for tida kr 513?600 - 552 800). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Kjell Øvre Helland, dagleg leiar ved UiB læringslab, tlf 915 96 788., kjell.helland@uib.no, eller Mathilde Holm, programdirektør for digitalisering, tlf 45515304, mathilde.holm@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her. 

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Foto, lyd og lys
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 187948779
Sist endret 14. aug. 2020 12:32

Rapporter annonse