Utløpt

Prosjektleiar for web og design

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Prosjektleiar for web og design
Frist
05.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Prosjektleiar for web og design

100 % fast stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) / rådgjevar (kode 1434)  
 
Kommunikasjonsavdelinga søkjer ein dyktig prosjektleiar i fast 100 % stilling.  
 
UiB står overfor store omleggingar dei kommande åra når det gjeld www.uib.no som kommunikasjonskanal, og skal vidareutvikle og etablere nye digitale kanalar for ekstern og intern kommunikasjon. Vi ser etter ein erfaren og allsidig prosjektleiar til å stå sentralt i dette arbeidet. 
 
Den vi søkjer må ha solid kjennskap til interaksjonsdesign, grafisk og digitalt utviklingsarbeid, ha kompetanse på tekniske løysingar og kunne leie komplekse utviklingsprosessar av UiB sine digitale publiseringsløysningar.   
 
Stillinga er lagt til Seksjon for web og design på Kommunikasjonsavdelinga, som blant anna skal legge til rette for ei stabil drift og framtidsretta utvikling av grunnleggande tenester knytt til produksjon, utvikling og design av både digitale og trykte flater. 
 
Stillinga er ei fast 100 % stilling som seniorrådgjevar/rådgjevar i den sentrale kommunikasjonsavdelinga til UiB, eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid. 


Arbeidsoppgåver:

Prosjektleiar skal ha ei operativ, leiande rolle i utvikling av grunnleggande tenester knytt til produksjon, utvikling og design av både digitale og trykte flater. 
 

  • Planlegge, kvalitetssikre og leie utviklingsprosjekt i samråd og dialog med leiinga på avdelinga
  • Bidra til leveransar og kompetanse innan interaksjonsdesign, grafisk og digitalt utviklingsarbeid
  • Ha dialog med ulike utviklingsmiljø og IT-avdelinga i konkrete prosjekt
  • Vere rådgjevar for avdelingsleiinga i fagområdet interaksjonsdesign, grafisk og digitalt utviklingsarbeid
  • Handtere andre oppgåver ved behov, til dømes profilutvikling for UiB og forvaltning av Kommunikasjonsavdelinga sitt systemansvar for UiBs nettsider 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Utdanning på mastergradnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Solid erfaring med leiing av krevjande prosjekt
  • Dokumenterbare resultat frå tilsvarande krevjande arbeidsoppgåver
  • Takle høgt tempo og ha evne til oversikt
  • Gode samarbeidsevner
  • Erfaring og kunnskap om grafiske produksjonar, interaksjonsdesign, brukaroppleving og webteknologi
  • Gode språkkunnskapar og evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk 

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.  
 


Vi kan tilby:
  • Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit kjekt, dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø i trivelege lokalar i Bergen sentrum
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse og stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IAverksemd)
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 69-73 (for tida kr 627 700 - 679 000 ) / rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 65 - 68 (for tida kr 583 900 - 615 900) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Kommunikasjonsdirektør Tor Godal tor.godal@uib.no, tlf 971 17 502 eller seksjonssjef Hans-Petter Isaksen hans-petter.isaksen@uib.no, tlf 454 29 866. 
 
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om kommunikasjonsavdelinga her. 

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Design / Web,
Annet
Følg firma
1196 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 187869516
Sist endret 13. aug. 2020 11:07

Rapporter annonse