Utløpt

Driftsleiar/ Driftsleder

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Driftsleiar/ Driftsleder
Frist
05.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Driftsleiar/ Driftsleder

Universitetet i Bergen er med sine 16 400 studentar og vel 3 600 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar. 
 
Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald og utvikling av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleie av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit årlig budsjett  på omlag 700 mill. utanom større satsingar Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.  
 
Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Bygningsmassen er inndelt i fem driftsområde med eigen drift, og i tillegg er det noko innleidd drift. Driftsområda vert leia av ein eigedomsforvaltar som rapporterer til seksjonssjef Drift.  
 
Driftsleier/Driftsleder 

Ved Eigedomsavdelinga, Drift er det ledig ei fast 100% stilling som driftsleder. Stillinga er i dag plassert i driftsområde 1. Dette driftsområdet har mellom anna ansvaret for Universitetsmuseet, Det humanistiske fakultet og det juridiske fakultet fakultetet. Stillinga rapporterer til eigedomsforvaltar.

Er du ryddig, strukturert og initiativrik med interesse for å leie andre? Då er du kanskje driftsleiaren vi ser etter. Vi er på jakt etter deg som har erfaring frå vedlikehalds- og dokumentasjonsarbeid. Du må handtere mange oppgåver samtidig og i samsvar med våre verdiar som er: Samhandling, respekt, redelighet og åpenhet

Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver og krev derfor at du har kunnskap innanfor fleire felt. Vi ser etter ein person som har erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg, økonomi og administrasjon. Erfaring frå større tekniske anlegg med kjølemaskiner, ventilasjon, sentral driftskontroll og drift av basseng mv. vil bli særskilt lagt vekt på. Du må ha gode IT-kunnskapar, og generelt vere analytisk.
 
Du må kunne jobbe i team og få teamet til å jobbe saman mot same mål. Vi ser etter deg som er løysings- og samarbeidsorientert og som gjerne ser andre/nye måtar å løysa oppgåvene på..   Stillinga inngår i leiarteamet for driftsområdet og rapporterer til eigedomsforvaltar.


Arbeidsoppgåver:
  • Arbeidsleiing av driftspersonell
  • Planlegging av kort- og langsiktig vedlikehald
  • Setje fokus på brukar-/leverandørforhold og yte service både mot brukarar og internt i eigen organisasjon
  • Pådrivar for kontinuerlege forbetringar
  • Styring av oppdrag på ein måte som sikrar at UiB er ein tryggarbeidsplass
  • Følgje opp og utvikle interne rutinar
  • Offentlege innkjøp av varer og tenester i samsvar med driftsområdet sitt budsjett
  • Rapportering iht. oppsette mål

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Relevant utdanning, til dømes teknisk fagskule, sekundært fagarbeidarutdanning med fagbrev, fortrinnsvis innan byggtekniske fag. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant erfaring frå drift og vedlikehald av bygg og tekniske anlegg. Erfaring frå større tekniske anlegg med kjølemaskiner/varmepumper, ventilasjon og sentral driftskontroll vil bli særskilt lagt vekt på
  • Gode kvalifikasjonar og erfaring med bruk av IT-verktøy
  • Erfaring frå budsjett og økonomi
  • Relevant og dokumentert erfaring som leiar
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg

 Vi ser det som ein føremon at søkjar har: 

  • Kunnskap om offentlege innkjøp
  • God fleirfagleg innsikt
  • Erfaring frå arbeid i freda bygg 

Personlege eigenskapar: 

  • Godt humør og stå-på-vilje
  • Ryddig og strukturert med evne til å organisere
  • Vere flink til å handtere fleire utfordringar samtidig
  • Initiativrik med interesse for utvikling og endring
  • Effektiv og analytisk anlagt
  • Serviceinnstilt
  • Kvalitetsbevisst
  • Resultatorientert
  • Vere løysings- og samarbeidsorientert, men samtidig kunne arbeide planmessig og sjølvstendig
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima

Vi tilbyr:
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Inspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter stillingskode ? stilling som vedlikehaldsleiar (kode 0400) i ltr 61-69 (for tida kr 542 400 til 627 700) etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn
  • Opplæring og tilbod om  vidareutdanning og utvikling
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd) som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Eiendomsforvalter: Tone Wold, tlf. 950 46 018 Seksjonssjef Drift: Jan-Terje Nygaard, tlf. 915 64 650

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymisering av søknader skal gjelde den første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket skal evaluerast av Difi, som behandlar anonyme opplysningar av tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeidd statistikk over resultata av forsøket. Opplysningar om enkelpersonar blir ikkje levert ut til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).

Søknad og CV skal sendast elektronisk via www.jobbnorge.no til Universitetet i Bergen. Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om dette.


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Ledelse
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Christiesgt. 18, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 187847903
Sist endret 13. aug. 2020 00:00

Rapporter annonse