Utløpt

3. linje Avaya kontaktsenter og Skype-helt

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
3. linje Avaya kontaktsenter og Skype-helt
Frist
26.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Vi har opning i ei sjeldan stilling i seksjon Tele og signal - 3. linje med hovudtyngde på Skype, og Avaya sitt Contact Center.

Som ein av dei største IT-aktørane på Vestlandet har Helse Vest IKT ei veldig stor breidde i fagfelta, og Avaya-helten vil forholde seg til støttetrengande brukarar frå ulike bakgrunnar. Det er difor avgjerande at du har ei høgt utvikla evne til å forstå brukaren sitt behov og fagspråk kjapt, og kunne feilsøke aleine, saman med andre teknikarar og sluttbrukarar.
Kommunikasjonsevner hand i hand med ei utømmeleg serviceinnstilling vert avgjerande i arbeidskvardagen, og derfor søker vi noko så sjeldant som ein utadvendt server-nerd.

Sjølv om vårt virke er veldig fokusert på IT-biten, kan vi aldri gløyme kva som til slutt er føremålet med vår verksemd: Pasienttryggleik. Våre system må til ei kvar tid vere oppe, for til sjuande og sist handlar det om liv og død.

Vert du glad av å sjå store, komplekse kommunikasjonssystem køyre smidig? Får du den varme, gode kjensla av sluttbrukarar som enkelt kan bruke løysinga di, utan å vite kva som ligg bak? Då har vi plassen til deg.

Vi ser helst etter folk med bachelor eller ingeniørutdanning, men relevant erfaring vil vege opp for manglande utdanning.
Førkunnskap med Avaya og Skype kjem godt med, men her vil du få opplæring så det er ikkje noko forutsetning.

Flytande norsk - skriftleg og munnleg - er eit krav.

Arbeidsstad: Førde, Bergen, Haugesund eller Stavanger.

Arbeidsoppgåver

  • Serveroppgradering og konfigurering
  • 3.linje-drift av Skype, og Avaya Contact Center
  • Leveranser og feilretting på vårt kontaktsenter frå Avaya
  • Brukerstyring og policyoppsett
  • Feilsøking på innmeldte feil, og djuptgåande søk etter rotårsaker til feil
  • Scripting
  • Sette opp SIP-trunkar, administrere talekanalar
  • Lage enkle og forståelege brukarveiledningar
  • Delta aktivt i team audio/video og team kontaktsenter

Kvalifikasjonar

  • Eit godt grep om drifting av serverar
  • Kjennskap til omgrep som bandbredde, brannmur og DNS-oppslag i nettverkssamanheng
  • Erfaring fra driftsmiljø og feilsøking vil telle positivt, men er ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, systematisk, presis og ikkje minst påliteleg i arbeidet
  • Initiativrik, målretta og resultatorientert
  • Interesse innanfor kommunikasjonsløysingar
  • Ein stabil personlegdom med serviceinstilling
  • Gode samarbeidsevner, kommunikasjonevner, og evne til å arbeide i team
  • Initiativrik
  • Nysgjerrig, og gode evner til å sette seg inn i nye fagområde

Vi tilbyr

  • Opplæring i Avaya - eit sjeldant kompetansesett i marknaden!
  • Eit stort og allsidig arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjonsordningar under KLP
Sektor
Offentlig
Sted
5096 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 6800 Førde
  • 4016 Stavanger
  • 5527 Haugesund
Bransje
Helse og omsorg,
IT
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
John Arne Lillestøl
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
93 02 49 59
Følg firma
828 følger dette firmaet

5096 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 187790097
Sist endret 13. aug. 2020 09:02

Rapporter annonse