Utløpt

Prosjektsikkerheitskoordinator

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Prosjektsikkerheitskoordinator
Frist
01.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg leverer eigedom, bygg og anlegg til Forsvarssektoren. Her styrast og leiast investeringsprosessen frå tidlegfase til overlevering av ferdige bygg og anlegg. Forsvarsbygg driv strategisk rådgiving, herunder alternativstudiar, konsept- og prosjektutvikling. Prosjekta spenne breitt frå bolig og kontorbygg til nasjonal helikopterbase og bygging av kampflybase.

Forsvarsbygg førestår utbygging og investeringar for 2-3 mrd. kroner pr. år. Forsvarsbygg søker etter ein prosjektsikkerheitskoordinator til å bistå prosjekta med førefallande prosjektoppgåver herunder prosjektsikkerheitsarbeid. Noverande arbeidsstad vil vere Evenes. 

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i offentleglova - jamfør særleg offentleglova § 25.  

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no.

Arbeidsoppgåver

  • Assistere prosjekta med førefallande prosjektsikkerheitsarbeid
  • I samarbeid med prosjektsikkerheitsleiar ta hand om stadleg utøving og oppfølging av prosjektsikkerheitsarbeid, herunder sikkerheitsadministrasjon og støtte til prosjekta
  • Ta hand om behov i prosjekta for sikkerheitsklarering og bistå med autorisasjon av personell
  • Gjennomføring av autorisasjon mellom anna av innleide og eksterne leverandørar i prosjekta
  • Halde oversikt over autorisasjonslister, gradert materiell, medieregister i samarbeid med ansvarleg fagmiljø, mv.
  • Medverke til å utarbeide og ajourholde prosjektrelatert sikkerheitsdokumentasjon
  • Bistå med følgeteneste
  • Rapportering og oppfølging av sikkerheitshendingar og avvik i prosjekta
  • Koordinere sikkerheitsarbeidet med lokal brukar
  • Halde oversikt over risikoar og foreslå førebyggande og korrigerande tiltak
  • Bistå i risikovurdering og tiltak 

Kvalifikasjonar

    • Relevant utdanning innan sikkerheitsfaget. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
    • Erfaring frå førebyggande sikkerheitsarbeid 
    • Erfaring med handtering av gradert informasjon
    • Ønskeleg med erfaring frå eigedom, bygg og anlegg 
    • Kandidaten må kunne bli tryggingsklarert opp til Hemmeleg og NATO Secret

    Personlege eigenskapar

    • Strukturert
    • Initiativrik og ansvarleg
    • Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
    • God gjennomføringsevne
    • Fagorientert 

    Vi tilbyr

    • Lønn som førstekonsulent/ seniorkonsulent (kode 1408/1363) frå kr. 449 400,- til kr. 555 100,-. Endeleg plassering i nevnt lønnsspenn vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar.
    • Fleksibel arbeidstid
    • Faglege utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
    • Bedriftsidrettslag med breitt tilbud av aktivitetar
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
    • Boliglån i Statens Pensjonskasse
    • Meiningsfullt samfunnsoppdrag
    • Godt arbeidsmiljø

    Om arbeidsgiveren




    Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



    Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.


    Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Evenes Flystasjon, 8536 Evenes
    Bransje
    Eiendom,
    Bygg og anlegg
    Stillingsfunksjon
    Prosjektledelse,
    Rådgivning,
    Koordinering

    Nøkkelord

    Sikkerhet, Prosjekt, Prosjektsikkerhet, Autorisasjon, Risiko

    Spørsmål om stillingen

    Kontaktperson
    Knut Brox
    Stillingstittel
    Leder prosjektsikkerhet
    Telefon
    91 64 69 41
    Følg firma
    3066 følger dette firmaet

    Evenes Flystasjon, 8536 Evenes

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 187758707
    Sist endret 12. aug. 2020 08:53

    Rapporter annonse