Utløpt

Rådgjevar (økonomi)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar (økonomi)
Frist
06.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Rådgjevar 

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei 100 % fast stilling som rådgivar (økonomikoordinator/kontroller). Klinisk institutt 1 er eit av fem institutt ved Det medisinsk fakultet. Instituttet har 250 tilsette og eit budsjett på om lag 100 mill. Instituttet har til ei kvar tid 150 kandidatar i forskarutdanninga. Dei tilsette er organisert i 12 fagseksjonar, ei kjernefasilitet (Dyreavdelinga)  i tillegg til administrasjon. Instituttet har og ansvar for eit senter for fremragande forsking (CCBIO), eit forskingssenter for klinisk behandling (Neuro-SysMed), samt Mohns ernæringslaboratorium.Instituttet er lokalisert i ulik bygg på Haukelandsområdet, på Sandviken sjukehus, og har også tilsette ved samarbeidande sjukehus i Stavanger, Førde og Haugesund. Administrasjonen held til i Laboratoriebygget, som er eit moderne bygg med gode forskingsfasilitetar og fine kontorfasilitetar. Instituttet har sterke forskingsgrupper og fagmiljø som alle bidrar med undervisning i all hovudsak til medisinstudiet og ernæringsstudiet.

Stillinga som rådgivar/økonomikoordinator er ein del av instituttadministrasjonen med til saman 14 medarbeidarar, som har administrasjonssjefen som næraste overordna. Målet for administrasjonen er å leggje godt til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet.


Arbeidsoppgåver:

Instituttadministrasjonen skal som en del av sine arbeidsoppgåver bidra til å utvikle og støtte fagmiljøa og forskarane på ulike områder. Du blir ein ressursperson og ein heilt sentral støttespelar for instituttleiinga for oppfølging og leiing av instituttøkonomien, strategisk disponering av ressursar og for den generelle aktiviteten på instituttet. Du vil og få ei heilt sentral og viktig rolle ovanfor instituttet sine forskarar i samband med søknadar om eksterne midlar.

  • dagleg leiing av økonomiseksjonen
  • økonomioppfølging; ansvar for budsjettering og økonomirapportering
  • økonomistyring av eksternt- og internt finansierte forskingsprosjekt
  • støtte til forskarar ved søknader og til drift av forskingsprosjekt
  • kvalitetsutvikling innanfor økonomiområdet
  • leiarstøtte og rådgjeving i økonomispørsmål til instituttleiinga og forskingsgruppeleiarane ved instituttet
  • utvikling og forbetringsarbeid av økonomiseksjonen og arbeidsmetodar
  • deltakar og bidragsytar i nettverk ved instituttet, fakultetet og UiB sentralt
  • mogelegheiter for delegert personalansvar

 

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.  


Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning 
  • God forståing og erfaring med bevilgningsfinansierte og eksternfinansierte prosessar er ein føremon.
  • Erfaring med prosjektstøtte frå søknad, oppstarting, oppfølging, gjennomføring, rapportering, dialog med finansieringskjelde (særleg NFR og EU), og avslutning er ønskeleg.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Må beherske bruk av relevant dataverktøy/system  

Kva ynskjer vi av deg som person

  • Du er effektiv, sjølvstendig, positiv, tek initiativ og er ein pådrivar
  • Du likar folk og å samarbeide
  • Du er resultat- og løysningsorientert
  • Du både initierer og bidreg til utvikling av gode prosessar og system
  • Du er motivert for arbeidsoppgåvene og kan motivere kollegaene din  

    Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. 

Vi kan tilby:
  • Eit inkluderande, godt og interessant internasjonalt arbeidsmiljø, utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58-64 (for tida kr 513?600 - 573 100). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Jorunn Skei. Kontaktinformasjon: jorunn.skei@uib.no, mobilnr: 48 24 52 48.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Haukeland Universitetssykehus Laboratoriebygget, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Controller,
Økonomi og regnskap / Regnskap
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Haukeland Universitetssykehus Laboratoriebygget, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 187749618
Sist endret 12. aug. 2020 00:00

Rapporter annonse