Utløpt

Seniorrådgjevar HR - organisasjonsutvikling og kompetanseheving

Arbeidsgiver
NOKUT
Stillingstittel
Seniorrådgjevar HR - organisasjonsutvikling og kompetanseheving
Frist
30.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Som vår nye medarbeidar vil du få eit særleg ansvar for å støtte leiinga i NOKUT sitt arbeid med å vidareutvikle organisasjonen, gjennomføre leiar- og medarbeidarutvikling og fasilitere endringsprosessar. 

Stillinga vil i fyrste omgang vere særleg innretta mot å forbetre og effektivisere arbeidsprosessar gjennom nye verktøy som er implementert med Office365.

Stillinga inngår i HR-seksjonen i administrasjonsavdelinga. Administrasjonsavdelinga har ansvaret for NOKUT sine felles styrings- og støttefunksjonar og består av tre seksjonar: seksjon for digitalisering og IKT, seksjon for økonomi- og verksemdstyring og seksjon for HR.

Avdelinga har 24 medarbeidarar. Som seniorrådgjevar innan organisasjonsutvikling vil du samarbeide tett med alle dei tre seksjonane og administrasjonsdirektør.

Arbeidsoppgåver

  • fasilitere prosessar knytta til kontinuerleg forbetring og effektivisering av arbeidsprosessar
  • utvikle, administrere og gjennomføre aktivitetar knytta til leiar- og medarbeidarutvikling
  • administrere opplærings- og kompetansehevande tiltak
  • utarbeide planar, rammeverk og retningslinjer for arbeidet med organisasjonsutvikling
  • støtte leiinga i strategi- og organisasjonsutviklingsprosessar
  • andre oppgåver i HR-seksjonen og avdelinga avhengig av behov og kompetanse

Kvalifikasjonar

  • relevant utdanning på masternivå
  • minimum 5 års relevant erfaring innan organisasjonsutvikling
  • erfaring frå innføring av nye tekniske verktøy
  • erfaring med gjennomføring av leiarutvikling og prosessleiing, gjerne leiarerfaring
  • erfaring frå å omsetje strategiske vedtak i praksis
  • kjennskap til metodar og verktøy nytta i innovasjons- og endringsprosjekt
  • svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • kreativ og nytenkjande
  • evne til å jobbe sjølvstendig og med høg arbeidskapasitet
  • god rolleforståing og evne til å samarbeide på tvers av fagbakgrunn og avdelingstilhøyring
  • evne til å engasjere andre
  • evne til å arbeide målretta og strukturert både sjølvstendig og i team

Vi tilbyr

  • lønn etter kvalifikasjonar i lønnsspenn kr 650.000 til kr 800.000 som seniorrådgjevar
  • eit aktivt og stimulerande arbeidsmiljø prega av fleksibilitet og utvikling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar som fleksibel arbeidstid, mobiltelefonordning og treningsfasilitetar

Andre forhold

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en og redusert funksjonsevne. NOKUT bidreg til regjeringa si inkluderingsdugnad.

Dersom søkjar ønskjer å reservere seg frå oppføring på den offentlege søkjarlista, må dei grunngje ønsket. Opplysningar om søkjarar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bedt om konfidensiell behandling. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje blir tatt til følgje? jf. offentleglova § 25.

Vi tek sikte på å gjennomføre følgende plan: Fyrstegongsintervju vil bli gjennomført: veke 37 Andregongsintervju vil bli gjennomført: veke 38

Om arbeidsgiveren



NOKUT, Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga, er eit fagleg uavhengig forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Føremålet til NOKUT er å sikre og fremje kvalitet i utdanninga ved


  • å føre tilsyn med, informere om og bidra til å utvikle kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning
  • å godkjenne og informere om utanlandsk utdanning og informere om vilkåra for godkjenning av utanlandsk utdanning og kompetanse i Noreg

NOKUT sitt arbeid skal bidra til at samfunnet kan ha tillit til kvaliteten på norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning og godkjent utanlandsk utdanning. NOKUT har ca. 150 tilsette og held til i Drammensveien 288 på Lysaker.  Sjå www.nokut.no for meir informasjon.

Sektor
Offentlig
Sted
Drammensveien 288, 0283 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Koordinering,
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Berge
Stillingstittel
Seksjonssjef HR
Telefon
92 01 95 52
Følg firma
654 følger dette firmaet

Drammensveien 288, 0283 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 187573779
Sist endret 10. aug. 2020 15:37

Rapporter annonse