Utløpt

Ønskjer du å jobbe som prosjektleiar i DFØ?

Arbeidsgiver
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Stillingstittel
Rådgiver/seniorrådgiver
Frist
24.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)
Om rekneskapsdivisjonen

Rekneskapsdivisjonen i Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) ligg i Trondheim og leverer rekneskapstenester til statlege verksemder. Rekneskapsdivisjonen har rundt 150 medarbeidarar. Divisjonen er i vekst som følgje av auka oppdragsmengd, og vi treng fleire dyktige medarbeidarar med på laget. DFØ jobbar løpande med å utvikle lønnstenestene i staten ved hjelp av automatisering, digitalisering, robotteknologi og kunstig intelligens. Vi har ei unik moglegheit for deg som vil vere med på å utvikle dei framtidige økonomitenestene i staten.


Om stillingane

Vi søkjer etter erfarne prosjektleiarar som kan leie og gjennomføre prosjekt i rekneskapsdivisjonen. Prosjekta våre er av ulik karakter, storleik og kompleksitet, så det er viktig at du meistrar forskjellige typar prosjekt. Stillinga er plassert i ei avdeling med fleire andre dyktige prosjektleiarar, og samarbeid og kompetansedeling er ein del av kvardagen. I tillegg til prosjektleiaroppgåvene vil det vere aktuelt å gjennomføre utgreiingar, analysar og saksbehandling innanfor fagområdet til rekneskapsdivisjonen.


Kvalifikasjonar

Du må ha

  • utdanning på minimum bachelornivå innanfor økonomi/teknologi
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • solid erfaring som prosjektleiar 

Det er ønskjeleg at du har

  • dokumentert erfaring frå bruk av relevant prosjektmetodikk
  • god økonomisk og teknisk forståing
  • god kjennskap til økonomisystem

Kven er du?

Vi søkjer etter deg som liker ein variert og hektisk kvardag. Du er ansvarsbevisst og glad i faglege utfordringar. Du jobbar strukturert og analytisk. For å lykkast i stillinga må du ta sjølvstendig initiativ og sjå løysingar. Du har svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.


Vi tilbyr
  • ei spennande stilling i eit stort og interessant fagmiljø innanfor statleg rekneskaps- og økonomistyring
  • eit arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • gode ordningar for kompetanseutvikling
  • fleksitidsordning (med sommar- og vintertid)
  • kontorstad i moderne lokale på Brattøra i Trondheim
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, ei av dei beste pensjonsordningane i Noreg
  • kontakt med relevante fagmiljø i og utanfor DFØ
  • fadderordning i opplæringstida

Stillinga vil bli plassert som rådgivar/seniorrådgivar med lønn mellom 456 400 og 563 700 kroner per år for rådgivar og mellom 563 700 og 741 300 kroner for seniorrådgivar, avhengig av kompetanse og erfaring. Frå lønna blir det trekt 2 prosent til Statens pensjonskasse. Ved tilsetjing er det seks månaders prøvetid. Den som får tilbod om stilling, må leggje fram ein utvida politiattest.


Andre opplysningar

Alle som søkar stillinga må søka elektronisk via rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må lasta opp vitnemål (karakterutskrift om du er under utdanning), eventuell NOKUT-godkjenning for utdanning frå utlandet og dessutan attestar for at søknaden din skal vurderast. Vi gjer oppmerksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som finst ved utløpet av søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kriteria som er beskrivne over.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkarliste. Søkarar som ber om konfidensialitet, må grunngi dette spesielt i søknaden. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar kan bli offentleggjort sjølv etter ønske om å bli utelate frå søkarlista. Søkarar vil i så fall bli kontakta


Mangfald i DFØ

I DFØ trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring, fagkombinasjoner og perspektiv vil gjera oss i stand til å finna endå fleire gode løysingar på oppdraga våre. Vi oppmodar derfor alle til å søka jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er òg velkommen til å søka sjølv om du ikkje kan visa til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre er universelt utforma, og vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Jobbnorge, der du søker på denne stillinga, oppmodar vi deg til å kryssa av for det dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningene dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapporter.

Vi vil òg kalla inn minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandlet på denne måten, må søkarane oppfylla visse krav (http://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)


Spørsmål om stillinga

For nærare opplysningar eller spørsmål om stillingane kan du kontakta rådgivaren vår i Experis, Grethe Hustad på 934 68 444. Eventuelt kan avdelingsdirektør Kjetil Aaby kontaktast på telefon 918 26 172.

For mer informasjon om DFØ kan du besøke vår hjemmeside www.dfo.no


Om arbeidsgiveren

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) er statens fagorgan for styring, organisering og leiing i staten. DFØ skal bidra til effektiv ressursbruk i staten gjennom kompetansetiltak, rådgiving, fellestenester og utvikling av metodar og verktøy. DFØ leverer også lønns- og rekneskapstenester til rundt 90 prosent av statsforvaltinga, og har ansvaret for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning.

I 2020 blir DFØ utvida med fagområdet offentlege anskaffingar. Det er i dag om lag 530 tilsette i DFØ, fordelt på tre kontorstader: Oslo, Stavanger og Trondheim. DFØ vil i løpet året veksa til ca. 650 tilsette. Les meir på www.dfo.no.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
Bransje
IT,
Offentlig administrasjon,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjetil Aaby
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
91 82 61 72
Kontaktperson
Grethe Hustad
Stillingstittel
Rekrutteringsrådgiver
Telefon
93 46 84 44
Følg firma
1209 følger dette firmaet

Brattørkaia 15, 7010 Trondheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 187554725
Sist endret 10. aug. 2020 10:52

Rapporter annonse