Utløpt

Fast stilling som jurist

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Stillingstittel
Førstekonsulent/rådgjevar (jurist)
Frist
28.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HELSE- OG OMSORGSDEPARTEMENTET
Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet 

Vi er opptekne av mangfald, og ønskjer å vere ein arbeidsplass som speglar folket. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg arbeidstilhøva til rette om det trengst.  

Gjev du til kjenne at du har innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, kan opplysningane du gjev, brukast til statistikkformål.


Om avdelinga

Folkehelseavdelinga har ansvaret for utvikling og oppfølging av folkehelsepolitikken og koordinering av det tverrdepartementale folkehelsearbeidet. Avdelinga har ansvar for ei rad lovområde så som folkehelselova, matlova, kosmetikklova, alkohollovgjevinga, tobakkslovgjevinga, smittevernlovgjevinga og lovgjevinga for miljø og helse og for strålevern. Internasjonalt samarbeid, herunder arbeid knytt til EU/EØS og internasjonal handelsrett, er ein viktig del av oppgåvene i avdelinga. 

 

Folkehelseavdelinga har tre seksjonar: seksjon for alkohol- narkotika- og tobakkspolitikk, folkehelseseksjonen og seksjon for ernærings- og mattryggleik. Vi søkjer no jurist til seksjon for alkohol-, narkotika- og tobakkspolitikk. 


Om stillinga

100 % fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar i seksjon for alkohol-, narkotika- og tobakkspolitikk. Seksjonen har ansvar for førebyggingspolitikken på områda alkohol, narkotika og tobakk, herunder ansvar for alkohollovgjevinga, tobakkslovgjevinga og eigarstyringa av AS Vinmonopolet. Seksjonen har òg ansvar for det internasjonale arbeidet på fagfeltet, herunder arbeid knytt til EU/EØS.


Arbeidsoppgåver

Den nye kollegaen vår skal arbeide med

  • juridisk sakshandsaming og utgreiingsoppgåver/regelverksarbeid.
  • vanlege forvaltingsoppgåver, som å svare på førespurnader frå enkeltpersonar og førebu saker til politisk leiing på fagområdet.
  • oppgåver knytte til nordisk, europeisk og internasjonalt arbeid. 

Den som blir tilsett, blir ein del av juristteamet i avdelinga. I tillegg til oppgåver i eigen seksjon er det aktuelt med oppgåver på andre fagområde i avdelinga. 


Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
  • Nyutdanna kan søkje på stillinga som førstekonsulent
  • For rådgjevar krev vi god sakshandsamings- og utgreiingskompetanse og -røynsle
  • Kjennskap til offentleg forvalting og saksområda i seksjonen, herunder EU-/EØS-rett, blir vektlagt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Røynsle frå internasjonalt arbeid, særleg EU/EØS-arbeid, er relevant

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • tek initiativ, er sjølvstendig, strukturert og effektiv
  • har gode analytiske evner
  • er pliktoppfyllande og har god gjennomføringsevne
  • er raus, fleksibel og omgjengeleg med vilje og evne til å arbeide tverrfagleg
  • er engasjert og flink til å finne løysingar i komplekse saker med ulike interesser
  • har god samfunnsforståing og er interessert i politiske prosessar og statlege styringsverkemiddel
  • ønskjer å vere med på å utvikle alkohol-, narkotika- og tobakksområdet nasjonalt og internasjonalt.

Vi legg særleg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga.


Vi tilbyr
  • sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver

  • eit spennande arbeidsområde med godt høve til fagleg utvikling

  • eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer

  • stillingsbrøk: 100 %

  • fleksibel arbeidstid 

  • gode velferdsordningar

  • treningsrom og høve til trening i arbeidstida (to timar i veka).

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet (https://www.regjeringen.no/no/dep/hod/jobb-i-hod/jobbe-i-helse--og-omsorgsdepartementet/id2411858/)

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

kr 459.400 - 600.000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.

 

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.


Vil du vite meir? 

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Hege Bredesen på mobilnummer 930 93 383/e-post hcb@hod.dep.no, eller fagdirektør Helena Wilson på mobilnummer 470 26 036/e-post hw@hod.dep.no.


Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.

 

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.  

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.    

 

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  


Om arbeidsgiveren

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for folkehelsearbeidet og for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester.

Departementet har 220 ansatte. Les meir om oss på regjeringa.no.

Sektor
Offentlig
Sted
Teatergata 9, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Kontor og administrasjon,
Saksbehandler
Følg firma
1067 følger dette firmaet

Teatergata 9, 0180 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 187272777
Sist endret 7. aug. 2020 13:43

Rapporter annonse