Utløpt

Vil du drifte fylkesvegane ilag med oss?

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Vil du drifte fylkesvegane ilag med oss?
Frist
26.08.2020
Ansettelsesform
Fast

Vestland fylkeskommune skal utvikle gode lokalsamfunn, og sterke by- og senterområde. Alle som brukar våre tenester skal oppleve ein fylkeskommune som leverer tenester av høg kvalitet.

I avdeling for infrastruktur og veg tek vi vare på fylkeskommunen sine oppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman, og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport, og fremmer regional utvikling.

Seksjon for vedlikehald, drift og beredskap har eit mål om å syte for god og trygg framkomst på fylkesvegane. For å nå dette er det viktig med eit godt samspel mellom vedlikehald, drift og beredskap.

Vi søker ein ny kollega som kan styrke oss på ulike fagfelt innanfor drift. Stillinga vil vere lokalisert i Leikanger, Eid eller Førde.

Kva kan vi tilby deg?

Hos oss vil du arbeide i ei fagleg utfordrande og spennande stilling i eit tverrfagleg miljø, der du få vere med å sette retning for eininga. Vi kan love deg varierte arbeidskvardagar, meiningsfulle arbeidsoppgåver og fagleg utvikling i eit sterkt og inkluderande fagmiljø. Vi er opptekne av å ha kollegaer som trivst på jobb saman med oss i eit uformelt arbeidsmiljø. Slik får vi det beste ut av kvarandre og skaper engasjement.

Er du den rette for oss?

Seksjonen vår har blant anna ansvar for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane, planleggje og følgje opp entreprenørar og økonomi ut i frå tildelte midlar. Det vil vere ein fordel med erfaring frå driftskontraktar, kjennskap til HMS- arbeid og relevante IKT- system og økonomirapportering. 

Du må  ha utdanning frå universitet eller høgskule, men utdanningskravet kan fråvikast dersom du har sterk og allsidig praksis og gode personlege føresetnadar for stillinga. Vi ønsker oss ein kollega:

  • med høg etisk standard, som er motivert til å bidra i arbeidet vårt med å sikre trygg framkomst på fylkesvegane.
  • som trivst med samarbeid då stillinga inneber mykje kontakt med kollegaer og eksterne instansar. 
  • som likar å arbeide sjølvstendig og er løysingsorientert. 

Dine arbeidsoppgåver

  • Arbeid med økonomirapportering, HMS og kvalitet.
  • Fakturabehandling
  • Sakshandsaming
  • Oppfølging og arbeid i interne system.
  • Bidra i utarbeiding av langsiktige planar og budsjett.

Vil du vite meir om stillinga er du velkomen å ta kontakt med: Rune Sverre Sande; 91887230. 

Anna informasjon

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Sektor
Offentlig
Sted
6863 Leikanger
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

Nøkkelord

byggherrestøtte,, infrastruktur,, veg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Sverre Sande
Stillingstittel
leiar
Telefon
91 88 72 30
Følg firma
1076 følger dette firmaet

6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 187263056
Sist endret 7. aug. 2020 12:17

Rapporter annonse