Utløpt

Innholdsrådgiver - nett

Arbeidsgiver
UDI
Stillingstittel
Innholdsrådgiver/senior - nett
Frist
23.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Utlendingsdirektoratet (UDI)

Kommunikasjonsstaben har 15 tilsette. I tillegg til ulike digitale løysingar, har vi mellom anna ansvar for mediehandtering, arrangement, intern kommunikasjon, språk og profil. Dei nettbaserte kanalane våre er i sterk vekst.

Vi søkjer ein (senior) innhaldsrådgivar til å jobbe med sjølvbeteningsløysingane våre. UDI arbeider mot ei internasjonal målgruppe, og brukarane våre er ei svært variert gruppe når det gjeld både språkkunnskapar, digitale ferdigheiter, utdanningsnivå og kjennskap til det norske samfunnet.

Hovudoppgåva di vil vere å skrive, utforme og publisere innhald til ulike søknadsskjema og sjølvbeteningsløysingar i eit tverrfagleg team. Du vil samarbeide tett med mellom anna UX-designar, utviklarar, og representantar frå fagavdelingane som behandlar søknadar og rettleier søkjarane. Saman skal de sikre at brukarane klarar seg mest mogleg sjølve, og får tillit til UDI.

Arbeidsoppgaver

  • skrive tekster, publisere og forvalte dei digitale sjølvbeteningsløysingane våre
  • strukturere innhald og sørge for god oppbygging av skjema
  • skaffe brukarinnsikt gjennom intervju, workshops, spørjeundersøkingar og brukartesting
  • idé- og konseptutvikling, bidra til å spesifisere det som skal bli utvikla (Azure DevOps)
  • samarbeide med ulike fagmiljø i UDI og delta i tverrfaglege produktteam og prosjekt

Kvalifikasjoner

  • relevant høgare utdanning, min. bachelor (lang og relevant erfaring kan kompensere for kravet)
  • minst 3 års relevant erfaring, deler av dette bør vere som nettredaktør, innhaldsdesignar, innhaldsrådgivar, UX writer eller liknande
  • kunnskap om interaksjonsdesign og brukarvenlegheit på nett
  • brei erfaring med å skrive brukarvenlege tekster i klarspråk på norsk og engelsk
  • erfaring med involvering av brukarar i utforming av tekst og tenester
  • erfaring med å jobbe i tverrfaglege team og/eller med smidig utvikling kan vere ein fordel.

Personlige egenskaper

  • evne til å sette deg i brukarane sin situasjon og forstå deira behov
  • samarbeide godt med kollegaer og andre samarbeidspartar for å finne gode løysingar 
  • god gjennomføringsevne, og evne til å veksle mellom dagleg drift og langsiktige prosjekt
  • god forståing for UDIs rolle og samfunnsoppdrag

Vi tilbyr

  • spennande jobb med sjølvbeteningsløysingar som er viktige for brukarane
  • eit miljø med høgt fagleg nivå innan brukarkommunikasjon
  • ein organisasjon som satsar på nettbaserte løysingar
  • ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag, prega av høg fagleg kompetanse, engasjement og dyktige medarbeidarar
  • stillinga blir lønna som rådgivar/seniorrådgivar i lønnsspennet 573 100 kr til 723 200 kr. To prosent trekk til Statens pensjonskasse sikrar deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikring 

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie å bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.

Vi oppfordrar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjng, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

UDI skal flytte til nye lokale på Helsfyr (https://valleforalle.no/valleview/) våren 2021.

I samsvar med offentleglova kan namnet ditt som søkjar offentleggjerast sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Du vil i så fall bli varsla.

Om arbeidsgiveren



Utlendingsdirektoratet (UDI) gjennomfører regjeringa sin innvandrings- og flyktningpolitikk og gir faglege innspel til utvikling av politikken. Vi skal legge til rette for lovleg innvandring og hindre misbruk av regelverket. Vi tilbyr også innkvartering til asylsøkjarar, og bidreg til retur av personar utan lovleg opphald. Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap er grunnleggjande verdiar i direktoratet. UDI ligg under Justis- og beredskapsdepartementet. Sjå også www.udi.no

Sektor
Offentlig
Sted
Hausmannsgate 21, 0032 Oslo
Bransje
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Design / Web,
PR og informasjon,
Tekstforfatter

Nøkkelord

innholdsrådgiver, kommunikasjon, selbetjeningsløsninger

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingeborg Grimsmo
Stillingstittel
kommunikasjonsdirektør
Telefon
94 50 76 15
Følg firma
2577 følger dette firmaet

Hausmannsgate 21, 0032 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 187160679
Sist endret 13. aug. 2020 11:15

Rapporter annonse