Utløpt

Financial Analyst / Controller - spennande økonomistilling i internasjonalt miljø!

Arbeidsgiver
Avery Dennison
Stillingstittel
Financial Analyst / Controller
Frist
30.08.2020
Ansettelsesform
Fast

Avery Dennison NTP ser etter ein ny medarbeidar ved vår økonomiavdeling. Me søkjer ein Financial analyst / Controller i 100% stilling. Her får du utviklingsmoglegheiter gjennom utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit internasjonalt miljø. Du vil blir ein del av eit lokalt team på 4 personar men samarbeider tett med andre avdelingar i og utanfor Norge. Du rapporterar til økonomisjefen, og vil få god oppfølging i eit profesjonelt og godt arbeidsmiljø.

Ynskja oppstart oktober / november.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • Rapportering til konsernet
  • Internkontroll, internrevisjon
  • Oppfølging av prosjekt
  • Avviksanalysar
  • Budsjettering og forecasting
  • Årsregnskap
  • Utarbeide analyser og rapportar
  • Vera ein pådrivar for effektive prosessar og kontinuerleg forbetring

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning innan økonomi frå høgskule/universitet
  • Gjerne 1-2 års erfaring
  • God kompentanse på bruk av digitale verktøy, inkludert rekneark
  • Ynskjeleg med kjennskap frå rekneskap/ERP-system
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Eigenskapar:

  • Analytisk
  • Strukturert
  • Evne til å sjå heilskap og samanheng
  • Evne til å jobbe godt både sjølvstendig og i team
  • Proaktiv og evne til å utvikle nye løysningar
  • Gode kommunikasjonseigenskapar
  • Påliteleg og fleksibel
  • God regnskapsforståelse
  • Evne til å jobbe i eit dynamisk miljø med høgt tempo og høg endringstakt

Me tilbyr ein utfordrande jobb med gode utviklingsmoglegheiter, konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar i eit solid selskap i stadig utvikling.
Me ynskjer at du registrerar din CV og søknad via linken som tek deg til SmartRecruiters.

Om arbeidsgiveren

Avery Dennison er ein global leiar innan labels og materialer. Selskapet sin teknologi er ein integrert del av produkt som blir brukt i dei fleste bransjar. Med verksemd i over 50 land og med meir enn 30 000 tilsette over heile verda, tilbyr Avery Dennison tenester til eit breidt spekter av kundar. Salet i 2019 var $7.1 miliardar.

Den norske delen av konsernet, Avery Dennison NTP, er ein leiande produsent av heat transfers for sportskle, arbeidskle og andre profilerte artiklar. På fabrikken vår i Gaupne har me utvikla teknologi og produsert transfers i over 30 år. Våre 130 tilsette leverar produkt av høg kvalitet som gjer det mogleg for oss å konkurrere globalt. Me sel like mykje til den utanlandske marknaden som til den norske. Avery Dennison NTP AS er eit datterselskap lokalisert i Sogn 30 minuttar frå Sogndal.
Les meir på www.averydennisonntp.no og www.averydennison.com.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Gaupnegrandane 19, 6868 Gaupne
Bransje
Industri og produksjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap / Controller

Nøkkelord

Analyse, Rapportering, Budsjett, Økonomistyirng, Sogn

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Siv Skulstad
Stillingstittel
HR Supervisor
Telefon
91 87 00 55
Kontaktperson
Andrea Lomheim
Stillingstittel
Finance Manager
Telefon
47 90 25 32
Følg firma
68 følger dette firmaet

Gaupnegrandane 19, 6868 Gaupne

Annonseinformasjon

FINN-kode 187130725
Sist endret 31. aug. 2020 00:13

Rapporter annonse