Utløpt

Salgssjef - Unik mulighet for rette person!

Arbeidsgiver
TD Førde AS - TotalData.no
Stillingstittel
Salgssjef
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Salgssjef

Total Data søker deg som vil jobbe som salgssjef i ein spennande bransje.

Du vil få ansvar for å følge opp nye og eksisterande kundar. Ein stor del av jobben er å aktivt søke nye kundar, men du vil vere ein nøkkelperson med fleire andre viktige oppgåver.

Du vil få ansvar for å selge moderne IKT løysingar som er tilpassa kvar kunde. Du har eit solid teknisk støtteapparat i ryggen. Bransjen er i stor utvikling, og du vil vere ein nøkkelperson mellom oss og kundar.

Du får budsjett og resultatansvar, og skal vere med å sikre kundane gode løysingar.

Du er ein kremmar som trivst med å snakke med folk og har kunden i fokus.

 

Arbeidsoppgåver:


  • Sal av IKT utstyr og tenester til eksisterande og nye kundar
  • Delta i dagleg overordna drift av selskapet ilag med dagleg leiar
  • Aktivt søke nye kundar og følge opp tilbud
  • Tett kundeoppfølging
  • Innkjøp og kontakt med leverandørar
  • Service og support til bedriftskundar
  • Montering og igangsetting av levert utstyr ilag med teknikar


Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:


  • Erfaring frå sal og service, spesielt mot bedrifter
  • Du er framoverlent og motiverast av sal
  • Løysningssorientert med kunden i fokus
  • Du er strukturert og kan jobbe sjølvstendig
  • Utadvendt og vant til å ta kontakt med kjente og ukjente mennesker
  • Du behersker norsk flytande, både muntleg og skriftleg
  • Du har generell god datakompetanse, men du vil få god opplæring i produkta du skal jobbe med
  • Motiverast av å hjelpe kundar
  • Kremmar, der du er fornøyd når kunden er fornøyd
  • Førarkort for personbil


Vi tilbyr:

  • Mulighet til å jobbe i ein bransje i stor utvikling, der du er med å forme korleis bedriftene sine system skal fungere i framtida
  • Mulighet til fleksitid etter avtale
  • Gode kollegaer
  • Mulighet til å lære avanserte datasystemer
  • Pensjon – og forsikringsordningar
  • Konkurransedyktige betingelsar


Arbeidstid er normalt måndag-fredag innanfor 08-16.

 

Søknadsfrist: Snarast, men seinast 31 august 2020. Søknader blir vurdert fortløpande.

Om arbeidsgiveren

Total Data blei starta 2000. I starten var vi rein nettbutikk, med sal til store delar av landet. Vi var aktivt med i pristestar frå landsdekkande nettaviser, blant anna DinSide.no. Her fekk vi gang på gang tittelen "Beste PC-Kjøp!". Firmaet vokste fort, og vi blei raskt kjent i lokalområdet etter mykje positiv mediedekning.

I 2004 starta vi butikk i Hafstadvegen i Førde, og hadde tilhald der fram til høsten 2016. Då flytta vi til større og betre lokaler i Angedalsvegen 4.

Vi har bygd stein for stein med å levere lav pris, god service og vise våre kundar at vi har god kunnskap. Personlig oppfølging er viktig.

Total Data er godkjent lærebedrift i IKT Servicefaget og Dataelektronikarfaget.

Siste åra har vi satsa på virtuelle tenester som Office 365, datasentertenestar og digitale løysingar for bedrifter.

Vi har tett samarbeid med blant anna Dell og Microsoft. Vi leverer komplette løysingar til små og mellomstore bedrifter.

Sjå vår heimeside www.totaldata.no for meir informasjon om kva vi driv med, og kva du skal jobbe med.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Angedalsvegen 4, 6811 Førde
Bransje
IT,
IT - maskinvare,
IT - programvare
Stillingsfunksjon
Salg,
Salg / Løsningssalg,
Salg / Produktsalg

Nøkkelord

salg, salgsansvarlig, selger, selgar, IKT

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Ness
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
47 33 01 93
Følg firma
4 følger dette firmaet

Angedalsvegen 4, 6811 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 186535727
Sist endret 12. sep. 2020 00:36

Rapporter annonse