Inaktiv

Mannskapssjef i Vidar Hop Skyssbåter AS

Arbeidsgiver
Vidar Hop Skyssbåter AS
Stillingstittel
Bemanningsansvarlig
Frist
15.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Vidar Hop Skyssbåter AS er ei bedrift i vekst og me treng no ein mannskapssjef i vår organisasjon.


Me ser etter ein person som er ryddig, påliteleg og sjølvstendig - og gjerne har erfaring innan HR eller drift av fartøy.


Som mannskapssjef vil du ha ei sentral rolle i vår organisasjon. Organisasjonen omfatter drift av skyssbåt, ferje, godsrute og turisme.

Me har rundt 50 tilsette og alltid spennande prosjekt på gang, og ser etter person som vil vere med oss å drive desse prosjekta framover.


Stillinga er lokalisert ved vårt hovudkontor på Hardbakke i Solund kommune. Her vil du ha din arbeidsplass i våre flotte kontor midt i den vakre hamna på Hardbakke.


Solund er ein øykommune med i underkant av 800 innbyggjarar. Her er ferjesamband til fastlandet og ekspressbåt til Bergen - Måløy - Sogndal 2 ganger dagleg.

Her bur du midt i vakker og spektakulær natur. Me har eit inkluderande lokalsamfunn, og eit bredt utvalg av fritidsaktiviteter. Her kan bl.a nemnast karateklub, musikkorps, kunstgrasbane, freezebeebane, idrettshall, symjebasseng, og eit helt nytt og velutstyrt treningssenter, full barnehagedekning, barne - og ungdomsskule, ny ungdomsskule under bygging no, og dagleg kommunikasjon til videregående skule. 


Bedrifta har ei eiga leilegheit til bruk for dei tilsette- i tillegg er det gode mogelegheiter for å leige/kjøpe husvære i kommunen.


Kvalifikasjoner

- Erfaring innan HR eller drift av fartøy er ein fordel

- Ryddig og påliteleg

- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ

- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner


Arbeidsoppgåver

- Ansvar for mannskapsorganisering , herunder rekruttering , opplæring og oppfølgning av mannskapet.

- Sikre at våre fartøy er bemanna og driftast på ein effektiv og sikker måte.

- Samarbeide med andre avdelinger for å sikre god koordinering og kommunikasjon internt.

- Driftsrapporter og miljørapporter med meir. 

- Oppfølging av lønn, tariffar og evtuelle sjukemeldingar.


Dersom du kan tenkje deg å verte ein del av vår organisasjon, send ein søknad og CV til 

post@vidarhop.no innan 15. mai.


Me ser fram til å høyre frå deg!


Med vennleg helsing

Vidar Hop Skyssbåter AS

og kontaktperson Hans Kristian Hop

Om arbeidsgiveren

Vidar Hop Skyssbåter AS er eit rederi som tilbyr skyssbåttenester, passasjerruter, charter, ferjedrift, gods- og opplevingsturar. Selskapet er heimehøyrande og har sitt hovudkontor på Hardbakke i Solund Kommune, her ligg vårt administrasjonebygg midt i den vakre og pulserande hamna i Hardbakke.
Familien Hop har sidan 1971 vore engasjert i ambulansebåtverksemd i Solund kommune, fram til 2023. I dag er vårt fokus ikkje lenger på ambulansebåt, men på drift av fylkesruter med skyssbåt og ferje.
På 1990-talet starta vi med ulike skule- og bygderuter som operatør for Fjord1 og etterkvart har me sjølve delteke i anbodskonkurransar innan skyssbåt og ferje, noko som blitt vår hovudverksemd dag. Me driv no sju ulike fylkeskontrakter. I tillegg har etterspurnaden etter charter, opplevingsturar og utleige av fartøy auka dei siste åra, og dette har ført til etablering og oppkjøp av nye selskap innan turisme slik som Glaciertour AS med fleire.
Vidar Hop Skyssbåter AS har no ein flåte på 14 båtar som opererer frå Bergen i sør til Brønnøysund i nord, med over 50 tilsette.
I 2023 vart Vidar Hop Skyssbåter AS sertifisert som Miljøfyrtårn-bedrift, noko som gjev oss verktøy til å betre arbeidet vårt med å minske miljøavtrykket.
I tillegg til vår maritime drift, er vi engasjert i eigedom med utleige av næringseigedom, kontorplassar, leiligheter, båtplassar, lager og hotell. Vi har òg ei sterk forankring i lokalsamfunnet, der vi stadig arbeider med spennande prosjekt og initiativ.

Sektor
Privat
Sted
Hardbakke 11, 6924 Hardbakke
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering,
Maritim og offshore,
Shipping
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Kontor og administrasjon,
Økonomi og regnskap
Arbeidsspråk
Norsk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hans Kristian Hop
Mobil
97 09 29 99
Følg firma
2 følger dette firmaet

Hardbakke 11, 6924 Hardbakke

Annonseinformasjon

FINN-kode 184968399
Sist endret 16. mai 2024 00:00

Rapporter annonse