Utløpt

Er du vår nye IT prosjektleder?

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Prosjektleiar IT
Frist
10.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen
Om stillinga

Seksjonen har ansvar for fagområdet IT prosjektledelse; det vil seie at alle IT-prosjekt i Statens vegvesen oppfyller etatens vedtatte prinsipp og prosessar for gjennomføring av IT-prosjekt. 

Kontorstad for stillinga er Drammen.


Arbeidsoppgåver

Dine arbeidsoppgåver vil vere å planleggje, koordinere og gjennomføre IT-prosjekt. Du vil ha ansvaret for rapportering av kostnad, tid, omfang, kvalitet, risiko, og gevinst samt vere ansvarleg for dagleg leiing av prosjektet.

Vi ser etter deg som:

  •  evnar å jobbe sjølvstendig
  •  er analytisk og strukturert
  •  er ein relasjonsbyggjer og ein sterk og god lagspelar

Kvalifikasjonskrav

Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, min. 3 år. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning. Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papirer og ei godkjenning frå Nokut (www.nokut.no).

  • Minimum 3 års erfaring som prosjektleiar
  • Prince 2-sertifisering
  • Fordel med andre prosjektleiarsertifiseringar, for eksempel PMP eller IPMA
  • Erfaring med smidige prosjekt
  • Erfaring med endringsleiing og gevinstrealisering

Det er viktig for gjennomføring av arbeidsoppgåvene at du har god framstillingsevne på norsk, skriftleg og munnleg.


Stort engasjement og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr deg også desse fordelane:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.

Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar,livserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det.  Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV`en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen . Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.


Ønskjer du meir informasjon om stillinga?

Dersom du ønsker meir informasjon om stillinga, ta kontakt med seksjonssjef Ørjan Mathis Tvedt på tlf. 91766659.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.

Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.

 

Seksjonen har ansvar for fagområdet IT prosjektledelse; det vil seie at alle IT-prosjekt i Statens vegvesen oppfyller etatens vedtatte prinsipp og prosessar for gjennomføring av IT-prosjekt. 

Sektor
Offentlig
Sted
Doktor Hansteins gate 9, 3044 Drammen
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
IT utvikling,
Annet
Følg firma
4086 følger dette firmaet

Doktor Hansteins gate 9, 3044 Drammen

Annonseinformasjon

FINN-kode 184885618
Sist endret 15. jul. 2020 11:41

Rapporter annonse