Utløpt

Prosjektleiar

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Prosjektleiar
Frist
04.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

PROSJEKTLEIAR - Fast 100% stilling frå 01.08.2020. 
Eigedomsforvaltning og utbygging, Helse Møre og Romsdal HF

Seksjon for eigedomsforvaltning og utbygging er organisert under avdeling for teknologi og utvikling i Klinikk for drift og eigedom. Seksjonen sine oppgåver er knytta til forvaltning av all eigedom i føretaket med tilhøyrande sjukehus og institusjonar og med eit samla areal på ca. 240.000 m2. Seksjonen har også ansvar for planlegging og gjennomføring av bygningsmessige tiltak i tilknytning til bygga. Seksjonen har for tida 8 tilsette. Les meir om oss på www.helsemr.no

Arbeidsstad Ålesund sjukehus. 

Arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til utvikling av eigedoms- og bygningsmassen, herunder også bygg og anlegg der helseføretaket er leigetakar.
Prosjektleiar vil vere ansvarleg for planlegging, oppfølging og gjennomføring av ulike eigedom- og bygningsmessige tiltak i nært samarbeid med andre i seksjonen og eksterne firma.
Prosjekta krev tydeleg leiing av kompetent prosjektleiar.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter kandidat med allsidig erfaring frå byggeprosjekt (prosjektleiing). Di erfaring vil vere ein viktig brikke i teamet ved seksjonen der eigenskap til å dele gode erfaringar og kunnskap blir verdsatt.

  • Relevant utdanning innanfor tekniske fag, gjerne ingeniør eller sivilingeniør. Lang erfaring kan kompensere for ingeniørutdanning.
  • God økonomisk forståing og resultatorientert.
  • Kunnskap i høve til relevant lovverk og standardar.
  • Gode datakunnskapar, seksjonen nyttar også teikneverktøy som archicad (BIM) og autocad.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide i team i eit tverrfagleg arbeidsmiljø, evne til å halde brei kontakt med ulike interne grupper av brukarar, driftspersonell og eksterne aktørar.
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Gjennomføringskraft og personlege eigenskapar for stillinga vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

Eit kunnskapsrikt og engasjert fagmiljø, med spennande arbeidsoppgåver og stor aktivitet.

  • Gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling
  • Lønn etter avtale
  • Fleksitid
  • Pensjonsordning. Det trekkast 2% av lønn til innskudd i KLP
  • Ein hyggeleg arbeidsplass i eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø

Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp som vedlegg til søknaden. 

Om arbeidsgiveren

Helse Møre og Romsdal HF gir
spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom
pasientverdiprosessen skape pasientens helseteneste . Vår visjon er å vere
''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om
lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og
Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk
helsevern og rusbehandling. Kontinuerleg forbetring er valt til hovudstrategi
for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur
til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting.
Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.


 


Vi
ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i
søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der
det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest.
Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste.
Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom
oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer
ikkje kontakt med annonseseljarar. 


For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Bransje
Arkitektur, areal og interiør,
Bygg og anlegg,
Eiendom
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Planlegger,
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Torolv Dalheim
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
41 66 83 22
Følg firma
210 følger dette firmaet

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 184789229
Sist endret 14. jul. 2020 12:27

Rapporter annonse