Utløpt

Vi søkjer ny leiar for barnehagar

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Leiar for barnehage
Frist
17.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Om stillinga

Som vår nye leiar for barnehagar får du ei sentral rolle i å skape gode oppvekstvilkår for barn i Osterøy kommune. Kommunen har 6 kommunale barnehagar og 2 private barnehagar.

Barnehagen er ein viktig samfunnsinstitusjon og arena for barn sin oppvekst. I takt med samfunnsendringane har også barnehagane som organisasjon gått gjennom store endringar dei siste åra. Større mangfald og fleirspråklege barn, stor auke i tal små barn og krav om større fleksibilitet. Stadig nye krav til barnehagen sin omsorgsfunksjon og auka krav til det faglege og profesjonalitet i møte med barn og foreldre.

Osterøybarnehagen arbeider målretta og systematisk for at kvart barn skal oppleve ein god barndom i eit inkluderande, trygt og godt barnehagemiljø. Osterøybarnehagen skal bidra til at alle barn får ein god barndom prega av trivsel, vennskap, fellesskap og leik.

Vi søkjer etter ein leiar for barnehage som har fokus på å vidareutvikla Osterøybarnehagen, er framtidsretta og kan leia utviklingsarbeid. Utviklingsarbeidet må vera forskningsbasert.

Vår nye leiar må ha eit sterkt engasjement for heile oppvekstområdet og ha eit eige driv for å skapa best mogeleg kvalitet innanfor tenesteområda og sjå dette i ein overordna samanheng.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Leiar for barnehage har fag-, økonomi-, personal- og resultatansvar for barnehageområdet.
  • Leiar og pådrivar for utvikling innan gjeldande lovverk, sentrale føringar, kommunale vedtak, internkontroll og målsetjingar for Osterøybarnehagen
  • Leiaroppfølging av styrargruppa.
  • Samhandling med andre tenesteområde i sektoren, samt andre interne og eksterne samarbeidspartar.
  • Ansvar for rettleing - bidra til kompetanseheving innad i barnehagen.
  • Styrke barnehagesatsinga og vidareføre utviklingsarbeid som allereie er i gong.
  • Ivareta og gjennomføre samordna barnehageopptak for både private og kommunale barnehagar saman med styrar.
  • Inngå i sektorleiars leiargruppe og bidra i tenesteutvikling på tvers av område oppvekst og utdanning.

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Godkjend utdanning som barnehagelærar.
  • Leiarutdanning.
  • Leiarerfaring frå barnehageområdet.
  • Erfaring frå kommunal forvaltning.
  • God kjennskap til relevant lov- og regelverk.
  • God digital kompetanse.

 

Vi søkjer ein leiar som

  • Medverkar til ei god utvikling av barnehagane.
  • Er framtidsretta, strategisk og visjonær.
  • Er løysingsorientert, målbevisst, prosessorientert og beslutningsdyktig.
  • Har gode samarbeidsevner og nyttar trepartssamarbeidet som ei aktiv arbeidsform.
  • Har ein leiarfilosofi som er basert på åpenhet, respekt og og er tydeleg.
  • Kan skape eit godt meistringsklima.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

 Vi kan tilby

  • Eit godt fagleg miljø og gode utviklingstilhøve.
  • Givande arbeid saman med dyktige medarbeidarar.
  • Rettleiing og fagleg samarbeid.
  • Ein lærande organisasjon som er i endring og utvikling.
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale. 

Anna informasjon:

Dersom du tek imot stillinga må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Administrasjonsmålet er nynorsk. Kommunen nyttar testverkty i rekrutteringsprosessen.

I samsvar med Offentligloven § 25 gjer vi oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkar vil bli varsla dersom unntak frå offentlighet ikkje blir innvilga.

Kontaktpersonar:

Leiar barnehage, Sylvi Ann Hanstvedt, tlf. 975 20 691

HR Rådgjevar, Marit Vinnes, tlf.917 56 533

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

Sektor
Offentlig
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Barnehage / OCCUPATION_CHILDCARE,
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Vinnes
Telefon
91 75 65 33
Kontaktperson
Sylvi Ann Hanstvedt
Telefon
56 19 22 12
Følg firma
173 følger dette firmaet

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 184686552
Sist endret 13. jul. 2020 12:47

Rapporter annonse