Utløpt

Vi søkjer ny leiar for skule

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Leiar for skule
Frist
17.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Osterøy kommune

Om stillinga

Som vår nye leiar for skule får du ei sentral rolle i å skapa gode oppvekstvilkår i Osterøy kommune. Kommunen har ein kommunal ungdomskule og 4 barneskular som arbeidar godt saman. I Osterøyskulen har vi jobba systematisk med skuleutvikling i mange år der Vurdering for læring og Trygt og godt læringsmiljø har stått sentralt.

 

" Lærelyst og meistring for framtida" er Osterøyskulen sin visjon. På grunnlag av fagfornyinga og overordna del - verdiar og prinsipp for grunnopplæringa, har Osterøyskulen utarbeida tre satsingsområde for dei neste 3 åra:

  • Framtidsretta læring 
  • Sosial kompetanse og livsmeistring
  • Profesjonelle medarbeidarar og organisasjonar.

Vi søkjer etter ein leiar for skule som har fokus på å vidareutvikla eit godt profesjonsfellesskap, er framtidsretta, kan leia kollektive prosessar i implementeringa av fagfornyinga, og sjå dei nye muligheitene som ny læringsteknologi gir. Utviklingsarbeidet må vera forskningsbasert.

Vår nye leiar må ha eit sterkt engasjement for heile oppvekstområdet og ha eit eige driv for å skapa best mogeleg kvalitet innanfor tenesteområda og sjå dette i ein overordna samanheng.

 Arbeidsoppgåver:

  • Leiar for skule har fag-, økonomi-, personal- og resultatansvar for skuleområdet.
  • Leiar og pådrivar for utvikling innan gjeldande lovverk, sentrale føringar, kommunale vedtak, internkontroll og målsetjingar for Osterøyskulen.
  • Leiaroppfølging av rektorkollegiet.
  • Samhandling med andre tenesteområde i sektoren, samt andre interne og eksterne samarbeidspartar.
  • Inngå i sektorleiars leiargruppe og bidra i tenesteutvikling.

Kvalifikasjonskrav:

  • Godkjend utdanning i samsvar med krava i opplæringslova med forskrifter.
  • Leiarutdanning.
  • Leiarerfaring frå skuleområdet.
  • Erfaring frå sakshandsaming i kommunal forvaltning.
  • God kjennskap til relevant lov- og regelverk.
  • God digital kompetanse.

Vi søkjer etter ein leiar som

  • Medverkar til god utvikling av profesjonelle organisasjonar.
  • Er framtidsretta, strategisk og visjonær.
  • Er løysingsorientert, målbevisst, prosessorientert og beslutningsdyktig.
  • Har gode samarbeidsevner og nyttar trepartssamarbeidet som ei arbeidsform aktivt.
  • Har ein leiarfilosofi som er basert på åpenhet, respekt og tydelighet.
  • Kan skape eit godt meistringsklima.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi kan tilby

  • Eit godt fagleg miljø og gode utviklingstilhøve.
  • Givande arbeid saman med dyktige medarbeidarar.
  • Rettleiing og fagleg samarbeid.
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale.

Anna informasjon

Dersom du tek mot stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Administrasjonsmålet er nynorsk. Kommunen nytar testverktøy i rekrutteringsprosessen.

I samsvar med Offentligloven §25 gjer vi oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan offentleggjerast sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Søkar vil bli varsla dersom unntak frå offentlighet ikkje blir innvilga-

Kontaktpersonar:

Leiar Skule, Astrid Brandal Øvsthus, tlf. 951 23 075.

HR Rådgjevar, Marit Vinnes, tlf.. 917 56 533.            

Om arbeidsgiveren

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

Sektor
Offentlig
Sted
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Astrid Brandal Øvsthus
Telefon
56 19 22 11
Kontaktperson
Marit Vinnes
Telefon
91 75 65 33
Følg firma
173 følger dette firmaet

Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 184686106
Sist endret 13. jul. 2020 12:47

Rapporter annonse