Utløpt

Fagingeniør elektro

Arbeidsgiver
Forsvarsbygg
Stillingstittel
Fagingeniør elektro
Frist
16.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvarsbygg

Forsvarsbygg eigedomsforvaltning har behov for å styrke si fag og prosjektavdeling i region Nord. Vi søker derfor etter ein fagingeniør elektro til utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i Forsvarsbygg.  Hovudoppgåvene i stillinga er å ta vare på elektroansvaret for flyplassdrift ved Bardufoss flystasjon, og vere kontaktperson til Luftvingen. Gjennom dette arbeidet vil man måtte bistå med fagleg kompetanse mot daglege drifta og pågåande prosjekt.

Stillinga rapporterar til leiar fagingeniører.   

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i Offentlighetsloven - jamfør særleg Offentlighetsloven § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på våre karrieresider www.forsvarsbygg.no/jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av drift-/ og vedlikehald.
  • Dokumentasjon og informasjon i FDV-system.
  • Overordnet ansvar for el-sikkerheit i samsvar med gjeldande regelverk.
  • Følgje opp rapportar på status for driftsplan, HMS, økonomi og IK, herunder utforme, anbefale og implementere avvikskorrigerande tiltak.
  • Følgje opp lover og regler gitt av European Union Aviation Safety Agency (EASA).
  • Fortløpande oppdateringer av kvalitetssystem (prosedyrar for flyplass i henhold til EASA).
  • Gje faglege råd innan fagområdet, og bistå prosjektleiarar og prosjektdeltakarar i prosjekt.
  • Bistå ved tilstandsvurderingar, utarbeidelse av beskrivingar, gjennomføring av anskaffelser, byggekontroll og garantioppfølging
  • Rådgje flyplassjef i beslutningar.
  • Fagleg oppfølging av elektrotekniske arbeider utført av eige personell og eksterne firma.
  • Sjå til at økonomiske målsettingar overholdes og at alle oppdrag er i tråd med vedtatte HMS/IK prosedyrer og samordningsansvar.
  • Gje innspill til planar knytt til vedlikehald og investeringar innan fagområdet.
  • På vegne av flyplass sjefen ivareta det faglege ansvaret for arbeid knytt til elektriske anlegg.
  • Generell saksbehandling.

Kvalifikasjonar

  • Du har elektroteknisk utdanning på høgskulenivå (bachelor) eller teknisk fagskule med relevant fagbrev (elektriker gr. L).
  • Du må kunne registrerast i elvirksomheitregisteret som fagleg ansvarleg ihht krav i Fek §7 (Forskrift om elektroforetak mv)
  • Du har gode IT kunnskapar.   
  • Det er ein fordel med erfaring frå drift, vedlikehald, prosjektleiing, prosjektering og oppfølging av prosjekter innan elektrofaget.
  • Du har førarkort klasse B.
  • Du kan flytende norsk munnleg og skriftleg. 
  • Det er ønskelig med godkjent elektroinstallatør gruppe L.
  • Kandidaten må kunne bli tryggingsklarert opp til Hemmeleg/NATO Secret.             

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og målbevisst
  • Du er sjølvstendig og initiativrik
  • Du har god serviceinnstilling
  • Resultat og løysingsorientert 
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 

Vi tilbyr

  • Lønn som overingeniør (kode 1087) frå kr 594 400,- til kr 655 400,- (ltr. 66-71) iht. Statens lønnsregulativ. Endeleg lønnsplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar
  • Ein utfordrande og spennande jobb blant gode kollegaer
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, herunder gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Bruk av militært treningsanlegg på fritiden  
  • Meiningsfullt samfunnsoppdrag 

Om arbeidsgiveren




Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.



Forsvarsbygg har som målsetting at arbeidsmiljøet vårt skal pregast av å vere tverrfagleg, mangfaldig og likestilt. Vi oppfordrar alle kvalifiserte til å søke uavhengig av alder, kjønn, religion, seksuell orientering, nedsatt funksjonsevne og etnisk bakgrunn. Vi ønsker å knytte oss til nye medarbeidarar som kan påvirke bedriftskulturen positivt gjennom den personlege og faglege kompetansen sin.


Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.

Sektor
Offentlig
Sted
Bardufoss lufthavn, 9325 Bardufoss
Bransje
Bygg og anlegg,
Eiendom,
Håndverkstjenester
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Elektroingeniør

Nøkkelord

Fagingeniør, Elektrikker

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne-Rita Hansen
Stillingstittel
Leder fagingeniørene
Telefon
467 77 363
Følg firma
1670 følger dette firmaet

Bardufoss lufthavn, 9325 Bardufoss

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 184680715
Sist endret 5. aug. 2020 14:25

Rapporter annonse