Utløpt

Fagsjukepleiar/Intensivsjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Fagsjukepleiar/Intensivsjukepleiar
Frist
10.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er ein av dei største klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus og har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, samt smertebehandling og palliasjon. KSK er delt i 15 ulike seksjonar og ein avdeling. Kvar seksjon er leia av ein seksjonsleiar med personal- og resultatansvar. Klinikken har stor undervisings- og forskingsaktivitet.

Thoraxkirurgisk intensiv og oppvakningsseksjon (TIO) overvakar mest pasientar etter hjarte- og thoraxkirurgi, men og nevrokirurgiske og karkirurgiske pasientar opererte på den høgteknologiske hybridstua. Det blir utført avansert intensivbehandling ved seksjonen, som til dømes ECMO og hemofiltrasjon. Seksjonen har 10 sengeplassar og held til i lyse, moderne lokale i Sentralblokka. Seksjonen har om lag 50 tilsette som i hovudsak er spesialsjukepleiarar og sjukepleiarar.

Dette er ei 100% intensivsjukepleiar stilling kor 50 % er knytt til funksjonen fagansvar og 50 % er knytt til klinisk arbeid. Dette inneber spennande og varierte arbeidsoppgåver og gir gode høve for vidareutvikling av intensivsjukepleiefaget ved å arbeide kunnskapsbasert.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene knytt til funksjonen fagansvar inneber medansvar for fagleg opplæring og oppfølging av seksjonens medarbeidarar og nytilsette
  • Utarbeiding og oppdatering av seksjonens prosedyrar, sertifiseringar og opplæringsplanar
  • Førebuing og organisering av undervising og fagdagar
  • Opplæring i elektromedisinsk utstyr
  • Seksjonen har to fagsjukepleiarar som krev god dialog og samarbeid
  • Tett dialog og samarbeid og med klinikkens seksjonsleiar, seksjonsoverlege, ansvarleg kirurg og fagutviklingsjukepleiarar
  • Stillinga er todelt med 50 % klinisk arbeid og 50 % fagretta arbeid. Utgangspunktet for klinisk arbeid er turnus, helgearbeid og klinisk arbeid ved sommarferieavvikling og høgtider
  • Arbeidsoppgåvene i den klinisk retta delen av stillinga blir i hovudsak overvaking, pleie og behandlig av intensiv- og oppvakningspasientar
  • Andre arbeidsoppgåver kan og vere aktuelle

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i intensivsjukepleie
  • Minimum 2 år relevant klinisk praksis som intensivsjukepleiar
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå utvikling av rutinar og prosedyrar er ønskjeleg
  • Kunnskapsbasert utdanning er ønskjeleg
  • Mastergrad kan vere ein fordel
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
  • Du er samarbeidsvillig, fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Du arbeider målrettet og får arbeidsoppgavene gjort
  • Du har gode kommunikasjonsevner og trivast med å arbeide i team
  • Du likar å undervise enkeltvis og i grupper
  • Du ønskjer å bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå på ein spennande og moderne arbeidsplass
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Sykepleier / Intensiv

Nøkkelord

Intensivsykepleie,, undervisning,

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marianne Kristin Årvoll
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 03 76
Kontaktperson
Julie K. Valentini
Stillingstittel
Ass. seksjonsleiar
Telefon
55 97 03 77
Følg firma
2256 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 184680053
Sist endret 13. jul. 2020 09:48

Rapporter annonse