Utløpt

Undervisningsstillingar - Os barneskule

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling
Frist
06.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Vi har ledig fast undervisningsstilling frå 01. januar 2021, og mogelege vikariat i ulike storleikar


Vi søker deg som vil vere med å bidra til godt læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.


Arbeidsstad

Os barneskule ligg i sentrum av Os. Vi har 350 elevar og 45 tilsette. 


Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt borna. Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst".

Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no 


Satsingsområda våre er fagfornying, grunnleggjande ferdigheiter, inkluderande læringsmiljø, elevaktiv læring og livsmeistring for alle.


Arbeidsoppgåver

Undervisning i fleire fag på ulike årssteg.


Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent.

Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. 


I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.



Ønska kvalifikasjonar

Vi treng lærarar med kompetanse og erfaring frå mellomtrinnet, med fagkombinasjonar i realfag. Eit av satsingsområda til skulen er elevaktiv læring. Vi søkjar difor lærare med kompetanse innan koding, uteskule eller andre arbeidsmetodar som gjer elevane meir aktive i eiga læring. 


Vi treng også lærarar med kompetanse og erfaring frå småskuletrinnet. Det er særleg ønskjeleg med kompetanse i begynnaropplæring i norsk og matematikk. Det vil og vera ønskjeleg med gode digitale ferdigheiter, kompetanse innan spesialpedagogikk og praktisk estetiske fag. 


Skulen treng pedagogar som er tydelege og engasjerte rollemodellar og klasseleiarar.

Ein må vera fleksibel, robust og ha gode samarbeidsevner. Vi ønskjer oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, positive haldningar og som bidreg til å oppretthalda eit godt arbeidsmiljø. 


Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ein føresetnad for tilsetjing er godkjent politiattest i høve opplæringsloven.


Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.

Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.

Mentorordning og nettverk for nyutdanna lærarar.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.


Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.


Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.

 

Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune ligg i naturskjønne omgjevnader rundt Bjørnafjorden, sør for Bergen. Bjørnafjorden består av tidlegare Os og Fusa kommunar, med omlag 25.000 innbyggjarar og eit areal på 519km2.

Sektor
Offentlig
Sted
Giskavollen 20, 5200 Os
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Nøkkelord

undervisning, pedagogikk, barneskole, utvikling, læringsmiljø

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Laila Aarbakke
Stillingstittel
rektor
Telefon
56 57 53 64
Mobil
47 67 02 91
Kontaktperson
Karianne Lunde
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
56 57 59 00
Mobil
99 57 16 16
Følg firma
480 følger dette firmaet

Giskavollen 20, 5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 184420802
Sist endret 21. aug. 2020 12:16

Rapporter annonse