Utløpt

Vil du jobbe med miljø- og klimaspørsmål i jordbruket?

Arbeidsgiver
Landbruksdirektoratet
Stillingstittel
Rådgjevar - Seksjon miljø og klima
Frist
16.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Om seksjonen

Seksjon miljø og klima er lokalisert i Oslo. Her arbeider vi med tiltak for å fremje eit meir miljø- og klimavennleg jordbruk. Dei faglege oppgåvene i seksjonen gjeld tiltak for å redusere  utslepp til luft og vatn, ta vare på kulturlandskapet og naturmangfaldet og utvikling av økologisk landbruk.


Arbeidsoppgåver
  • Sakshandsaming innan ulike miljø- og klimatiltak i jordbruket
  • Medansvarleg for vedlikehald og utvikling av vår elektroniske forvaltningsløysing for miljøtilskot i jordbruket, og oppfølging av systembrukarane
  • Rapportering, statistikk og analyser om miljøtilstanden i jordbruket
  • Delta i arbeidet med å vidareutvikle forvaltninga av miljøverkemiddel i jordbruket
  • Samarbeid med ulike forvaltnings- og forskingsmiljø, fylkesmennene og næringsorganisasjonar

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter ein medarbeidar med interesse for å vidareutvikle jordbruket i ein miljø- og klimavennleg retning gjennom å arbeide med både faglege og IT-relaterte oppgåver. 

  • Du har relevant mastergrad frå universitet eller høgskule
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Erfaring frå arbeid med elektroniske forvaltningssystem og GIS/kartverktøy er ein fordel
  • Erfaring med sakshandsaming i offentleg forvaltning eller med klima- og miljøspørsmål i jordbruket er ein fordel

Personlege eigenskapar
  • Du er strukturert, nøyaktig og analytisk
  • Du har høg gjennomføringsevne og evne til å tenke heilskapleg
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du tek initiativ, ser mogelegheiter og arbeider for å finne gode løysningar.

Det vil bli lagt vekt på at søkjaren er personleg eigna til stillinga.   


Kontaktperson for stillingen

Seksjonssjef Gunn Eide, tlf. 78 60 60 00/976 52 618


Vi tilbyr
  • Utfordrande og varierte oppgåver på eit viktig fagfelt
  • Fagleg utvikling gjennom teamarbeid og kontakt med andre fagmiljø innan miljø, klima og jordbruk
  • Fast stilling som rådgjevar i lønnsspenn frå kr. 472 000,- til kr 583 900,- (ltr. 53-65).  Særskilt kvalifiserte søkjarar  kan vurderast for høgare lønn. Frå lønna blir det trekt pensjonsinnskot etter gjeldande regler.
  • Sentralt plassert kontorstad og god kantineordning
  • Aktivt bedriftsidrettslag og refusjon av utgifter til trening
  • Familievennleg og fleksibel personalpolitikk
  • Gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid, sommartid, betalt overtid)
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som blant anna gir gode lånevilkår

Generelle opplysningar
  • Attestar/vitnemål må registrerast i portalen eller ettersendast pr. post før søknadsfristen går ut. Innsende dokument vil ikkje bli returnerte. Søkjarar som blir kalla inn til intervju, må ta med stadfesta kopiar av attestar og vitnemål.
  • For Landbruksdirektoratet er det eit personalpolitisk mål å spegle samansetjinga i samfunnet når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Vi ynskjer derfor at alle kvalifiserte kandidatar søkjer, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet og etnisk bakgrunn.
  • Landbruksdirektoratet er også ei IA-verksemd. I dette ligg mellom anna at vi vil leggje til rette på arbeidsplassen dersom det er behov for det.

Dersom en søker ønsker å reservere seg fra en offentlig søkerliste, må dette begrunnes. Opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli oppført på søkerlisten. Hvis ønsket reservasjon ikke vil bli tatt til følge vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste utformes.

Søknad sendes elektronisk. Hvis du har problemer med utfylling av elektronisk CV, kan du kontakte kundeservice hos Jobbnorge på e-post kundeservice@jobbnorge.no eller på telefon 75 54 22 27.


Om arbeidsgiveren

Landbruksdirektoratet set i verk landbruks- og handelspolitikken på landbruksområdet. Samfunnsoppdraget vårt er å drive samordna, heilskapleg og effektiv forvalting av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot jordbruk, reindrift, skogbruk, matindustri og handel. Vi er støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet og sekretariat for ei rekkje styre, råd og utval. Dette betyr at vi må ha god kunnskap om dei landbruksbaserte verdikjedene, utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og handelspolitiske avtalar.

Vi har eit felles verdigrunnlag med kjerneverdiane open, påliteleg, engasjert og nytenkande. Verdiane legg føringar for korleis vi arbeider, og for samhandlinga vår både mellom kollegaar og med samarbeidspartnarar. Vi er om lag 210 tilsette. Avdelingane våre er plasserte i Oslo, Steinkjer og Alta. For meir informasjon sjå www.landbruksdirektoratet.no.   

 

Sektor
Offentlig
Sted
Stortingsgt. 28, 0161 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Følg firma
380 følger dette firmaet

Stortingsgt. 28, 0161 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 184325922
Sist endret 9. jul. 2020 11:05

Rapporter annonse