Utløpt

Løsningsarkitekt/systemarkitekt

Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Løsningsarkitekt/systemarkitekt
Frist
23.08.2020
Ansettelsesform
Fast

Seksjon digitalisering skal sørge for at fylkeskommunen jobbar med digitalisering på ein einsarta, koordinert og strategisk måte. Vi jobbar med digitalisering gjennom fornying, forenkling og forbetring på ein slik måte at vi effektiviserer prosessar, og utnyttar ressursane i fylkeskommunen på ein meir hensiktsmessig måte. Dette skal føre til enklare og betre tenester for både publikum og tilsette.

Vi søkjer etter deg som har god innsikt i forretningsprosessar og korleis digitalisering understøttar desse gjennom effektiv bruk av moderne system og skyløysingar. Gjennom dialog med brukarar og tilsette skal du bidra til å fremje området digitalisering. Du har brei erfaring innan IKT-faget på systemsida, men òg evna til å tileigne deg naudsynt spisskompetanse når dette er naudsynt.  

Arbeidsoppgåver

  • Vidareutvikle Vestland fylkeskommune sin system- og løysingsarkitektur i tråd med overordna verksemdsarkitektur, verdiar og strategigrunnlag 
  • Utarbeide krav og løysingsdesign for system, sky-tenester og samhandling
  • Bidra i å kartlegge og analysere forretningsprosessar, data/informasjon og tenester
  • Sikre godt samsvar mellom behov, våre prinsipp, kapabilitetar/evner og felles målbilete
  • Bidra i innkjøpsprosessar, og kvalitetssikring med forankring i målbilete for arkitektur
  • Utarbeide naudsynt systematikk og relevant dokumentasjon  

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning med relevante fagkombinasjonar som informatikk, informasjonsvitskap, økonomi eller administrasjonslære. I særlege tilfelle kan realkompetanse kompensere for formell utdanning
  • Relevant arbeidserfaring som syner erfaring frå fleire fasar i system, samhandling/digitaliseringsprosjekt
  • Forståing for forretningsprosessar og komplekse verdikjeder
  • Erfaring med relevante metodikkar og modelleringsteknikkar, slik som TOGAF
  • Erfaring med implementering og vidareutvikling av sky-tenester 

Personlege eigenskapar

  • Høg serviceinnstilling og ansvarskjensle kombinert med positivt og handlekraftig engasjement
  • Systematisk og målretta
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne  

Vi tilbyr

  • Ei fagleg utfordrande og spennande stilling
  • Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
  • Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Løn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid  

Anna informasjon

  • Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
  • Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

 

Sektor
Offentlig
Sted
6863 Leikanger
Bransje
IT
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Systemarkitekt

Nøkkelord

IT,, informasjonsvitskap,, løsningsarkitekt,, systemarkitekt,, administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tom Sølve Myklebust
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
41 53 09 77
Følg firma
1075 følger dette firmaet

6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 184138938
Sist endret 7. jul. 2020 12:41

Rapporter annonse