Utløpt

Sjukepleiar 100% fast stilling, Kvednatunet

Arbeidsgiver
Øygarden kommune -
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast stilling, Kvednatunet
Frist
31.07.2020
Ansettelsesform
Fast

Om avdelinga:

Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgns tenester for demente. Huset består av 40 leiligheter fordelt på 4 bufellesskap. Her er stor tverrfaglegheit med lege 3 dagar i veka, sjukepleiare, helsefag, fysio- og musikkterapeut med fleire for å prøva dekke bebuarane sine behov.

Vi har behov for fleire sjukepleiarar i stillingsstorleik 80-100%.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver som legevisitt, dosering, palliativ pleie
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

 

Ønskjeleg med:

  • Ønskjer å jobba med demente
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Gode samhandlingsferdigheiter
  • Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Fleksibel
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

   

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Anna:

Vi har årsplan, som vil seie at ein får moglegheit for å få tilrettelagt turnus etter behov. Vi venter svar frå Nsf om å kunne tilby turnus med heilt eller delvis langvakter for dei som ynskjer det.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i turnus er for tida løna kr 25 000 per år over gjeldande tariff i Øygarden kommune

 

Kontakt:

Beate Lønningen, avdelingsleiar tlf 55096213 / 91673031

Elbjørg Landro, avdelingsleiar tlf 55096212 / 91673032

  

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Kvednatunet er eit heildøgns bemanna omsorgssenter for personar med demenssjukdom. Eininga har 40 husvære i tillegg til kjøken/kantine og eit dagsenter. Det er tilsette med ulik kompetanse, her arbeidar mellom anna sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, musikkterapeut, assistentar med fleire. Det er også eit eige kjøken/kantine ved senteret i tillegg til resepsjon. Godt tilrettelagde sansehagar gjer at dei som bur her kan opphalde seg i gode omgjevnader både ute og inne. Kva er viktig for deg? skal vere førande i utforminga av tenestetilbodet.

Sektor
Offentlig
Sted
Kvernatunvegen 9, 5347 Ågotnes
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Sykepleier,
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Beate Lønningen
Telefon
55 09 62 13
Kontaktperson
Elbjørg Landro
Telefon
55 09 62 14
Følg firma
72 følger dette firmaet

Kvernatunvegen 9, 5347 Ågotnes

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 184035530
Sist endret 6. jul. 2020 12:47

Rapporter annonse