Utløpt

Spennande stilling som branningeniør eller maskinist

Arbeidsgiver
Sjøfartsdirektoratet
Stillingstittel
Branningeniør eller Maskinist
Frist
12.08.2020
Ansettelsesform
Fast

Avdeling for fartøy og sjøfolk fører tilsyn med at norske skip og reiarlag held høg standard når det gjeld tryggleik og miljø. Gjennom kontinuerleg utvikling av reglar, informasjon og haldningsskapande arbeid, samt oppfølging med tilsyn, vert det arbeidd for å betre tryggleiken på sjøen.

Underavdeling lasteskip er ei av sju einingar i Avdeling for fartøy og sjøfolk. Saman med dei andre fartøyavdelingane (Fiskefartøy, Passasjerskip og Flyttbare innretningar) kontrollerer Underavdeling lasteskip dokumentasjon som vert sendt inn ved bygging, ombygging, innflagging og drift av skip. I den samanheng har avdelingane mykje kontakt med konsulentar, verft og reiarlag. Arbeidet er variert og rettar seg mot både tradisjonelle design og prosjekt med ny teknologi. Avdelingane er også aktive i internasjonalt arbeid, spesielt i IMO.

Fartøyavdelingane har eit overordna ansvar for å føre tilsyn med dei ulike typane fartøy. Inspeksjonar vert utført av dei lokale kontora til direktoratet og delvis av anerkjende klasseselskap eller godkjende føretak.

Utlysinga omfattar ei fast stilling hovudsakleg knytt til fagområdet brann eller maskin. Tiltreding snarast.

Arbeidsoppgåver

  • fagleg oppfølging av verksemder med delegert myndigheit
  • kontroll av dokumentasjon på fartøy under bygging, ombygging og innflagging
  • utvikling av regelverk på fagområdet, både nasjonalt og internasjonalt
  • yte service til næringa
  • bidra til å vurdere risiko og bestemme fokus i vårt kontrollarbeid
  • avhengig av direktoratet sine fokusområder og behov, vil deltaking i nasjonale og internasjonale forum vere aktuelt
  • delta i prosjekt rundt teknologiar knytta til det grøne skiftet

Kvalifikasjonar

  • ingeniør/sivilingeniør innan fagområdet brann- og eksplosjonsvern eller maskinistutdanning, i kombinasjon med relevant erfaring.
  • erfaring med prosjektering, utvikling eller bruk av ny teknologi for framdrift er ønskeleg
  • erfaring frå offentleg sektor / klasseselskap er ønskeleg

Personlege eigenskapar

  • evne til å sette seg inn i nye tekniske og operasjonelle utfordringar.
  • kundeorientert, løysings- og resultatorientert, sjølvstendig og ansvarsmedviten, systematisk og nøyaktig.
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, gode analytiske evner og gode framstillingsevner på norsk og engelsk
  • vi vektlegg om søkar er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • godt og utviklande arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar
  • fleksibel arbeidstid, gode avspaseringsordningar og betalt overtid
  • gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Meir informasjon om kva Sjøfartsdirektoratet kan tilby finner du under "Jobb hos oss" på våre nettsider.

Stillinga er lønna etter kvalifikasjonar i statens lønnsregulativ, for overingeniør kr. 472 000 - 573 000 brutto i året og for senioringeniør kr. 532 300 - 679 500 brutto i året

Sjøfartsdirektoratet praktiserer eit inkluderande arbeidsliv og følger opp regjeringa sin inkluderingsdugnad. Det inneber at vi ønsker velkommen kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne, ulik nasjonal eller etnisk bakgrunn og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Viss du melder frå om du høyrer til ein av desse kategoriane, kan opplysningane bli brukte til statistikkføremål (anonymisert). Les meir her.

Om arbeidsgiveren



Sjøfartsdirektoratet er ein viktig og sentral aktør som skal ivareta og leggje til rette for utvikling av maritim verksemd. Vi tilbyr konkurransedyktige tenester og er anerkjende for vår kompetanse i den maritime klynga. Vårt overordna mål er å vere den føretrekte maritime administrasjonen.



Det er om lag 350 tilsette i Sjøfartsdirektoratet. Hovudkontoret ligg i Haugesund og har om lag 230 tilsette. I tillegg har Sjøfartsdirektoratet sju regionar med tilhøyrande tilsynskontor langs norskekysten. Skipsregistra i Bergen, med 22 tilsette, er òg ein del av Sjøfartsdirektoratet.

Sektor
Offentlig
Sted
Smedasundet 50A, 5528 Haugesund
Bransje
Offentlig administrasjon,
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
Saksbehandler,
Sjøfart / Maskinist,
Ingeniør / Brannsikkerhet

Nøkkelord

maritimt,, offentlig,, branningeniør,, maskinist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Magne Nilsen
Stillingstittel
Fung. underdirektør
Telefon
90 20 25 21
Følg firma
489 følger dette firmaet

Smedasundet 50A, 5528 Haugesund

Annonseinformasjon

FINN-kode 183766565
Sist endret 3. jul. 2020 16:10

Rapporter annonse