Utløpt

Vi tryggjer demokrati, rettstryggleik og kulturarv - vil du vere med?

Arbeidsgiver
Interkommunalt Arkiv i Hordaland Iks
Stillingstittel
Konsulent/Rådgjevar
Frist
01.08.2020
Ansettelsesform
Fast

Har du lyst å bli ein samfunnshelt og slå eit slag for demokrati, rettstryggleik og kulturarv? Då er vi kanskje rett arbeidsplass for deg.

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer to personar til utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagmiljø i endring. Stillingane vil omfatte sjølvstendig oppåveløysing på høgt fagleg nivå samt mykje utadretta kontakt.  

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • Kontaktperson / kundeansvar for ei handfull eigarkommunar  
  • Faglig rådgjeving innan arkiv og dokumentasjonsforvaltning
  • Opplærings og informasjonsarbeid ovanfor kommunane
  • Utvikle opplæringsmateriell, prosedyrar og internkontroll
  • Planlegging og prosjektleiing av prosjektarbeide
  • Analyse og kartlegging av arkiv hjå kommunane
  • Sakshandsaming av førespurnadar frå kommunane
  • Bistå kommunar med deponering av arkiv og arkivsystem
  • Delta i regionalt og nasjonalt utviklingsarbeid innan fagfeltet
     
Kvalifikasjonar
  • Utdanning på minimum bachelornivå innan relevante fag, gjerne med IKT-/arkivfag i fagkrinsen. Utdanning frå utlandet må vere godkjend av NOKUT.
  • Krav om kjennskap til standardar og lov-og forskrifter som regulerer offentleg dokumentforvaltning.
  • Krav om kjennskap til kommunal forvaltning
  • Krav om relevant og fortrinnsvis 2-5 års erfaring frå tilsvarande arbeide / rolle
  • God IT-dugleik og -kunnskap, gjerne migering og databasekunnskap (Oracle, MsSQL)
  • Ynskjelig med kjennskap til og eller erfaring frå bruk av programvare som ASTA og sakshandsamingssystem som Websak, P360, Ephorte og ESA.
     
Personlige eigenskaper
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Ynskjeleg at du beherskar båe målformene  
  • Evne til å arbeide sjølvstending, vere initiativrik, følgje opp og nå fastsette mål
  • Evne til å kunne kommunisere og formidle kunnskap tydeleg, både til grupper og enkeltpersonar
  • Evne til å argumentere godt for faglege vurderingar
  • Er trygg og trives ei rolle med mykje dialog med kommunane
  • Evne til å spele kollegaer gode
  • Trivast i eit til tider hektisk arbeidsmiljø med noko fysisk arbeide

Anna
  • Stillinga vil medføre reiseaktivitet og søkjarar må ha førarkort og køyre bil.  
     
Vi tilbyr
  • Utfordrande arbeidsoppgåver frå fyrste arbeidsdag
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Samarbeid med eit nasjonalt kompetansemiljø
  • Kompetente kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i KLP
  • Lønn etter avtale
  • Medlemskap i bedriftshelseteneste
  • Fleksibel arbeidstid

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista i høve offentleglova § 25. Søkjarar vert varsla om dette i forkant.

Om arbeidsgiveren

Interkommunalt arkiv Hordaland IKS er eit selskap eigd av 24 kommunar i Vestland fylke. Vi er ein kompetanseinstitusjon innan arkiv og dokumenthandtering og forvaltar papirbasert og digitalt arkiv for eigarane.

Vi har i dag 15,5 årsverk. Selskapet har kontor saman med Bergen Byarkiv på Kalfaret i Bergen.

Nettverk
Facebook
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Kalfarveien 82, 5022 Bergen
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Arkiv og bibliotek,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Arkivar og bibliotekar,
Rådgivning,
Prosjektledelse

Nøkkelord

Informasjonsbehandling, Migrering, Dokumentasjon, Arkivarbeid, Arkiv, Digitalisering, Personvern

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Rune Lothe
Stillingstittel
Dagleg leiar
Telefon
41 41 21 38
Følg firma
341 følger dette firmaet

Kalfarveien 82, 5022 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 183743619
Sist endret 3. jul. 2020 13:30

Rapporter annonse