Fagbioingeniør
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Fagbioingeniør
- Frist
- 24.08.2020
- Ansettelsesform
- Fast
Mikrobiologisk avdeling er ei laboratorieavdeling ved Haukeland universitetssjukehus, og med sine vel 100 tilsette er avdelinga eit av dei største mikrobiologiske laboratoria i landet. Avdelinga tar i mot prøvar frå pasientar i sjukehus og frå primærhelsetenesta. Vi gjer vårt beste for at mikrobiologiske prøvar vert analysert raskt og med god kvalitet. Avdelinga er akkreditert etter ISO 15189. Mikrobiologisk avdeling har tre diagnostiske seksjonar: Virologisk seksjon, Molekylærbiologisk seksjon og Bakteriologisk seksjon. I tillegg har avdelinga eit prøvemottak og eit produksjonslaboratorium samt ei stor legegruppe.
Ved Virologisk seksjon utfører i hovudsak virologiske og infeksjonsserologiske analysar. Seksjonen har ein stor og moderne instrumentpark og eit breitt analyserepertoar. Det meste av analysearbeidet forgår på dagtid. Ved seksjonen er det l tre ledige stillingar for fagbioingeniørar. Funsksjon som stedfortreder for seksjonsleiar er tenkt lagt til ein av stillingane. Denne funksjonen kan og søkjast av andre fag-eller spesialbioingeniørar ved seksjonen.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta eit sjølvstendig ansvar innanfor eit avgrensa fagområde
- Bidra til utvikling av kvalitetsarbeidet ved seksjonen
- Sørgje for at nødvendige prosedyrar vert utarbeidd og vedlikehaldt
- Delta ved innføring av nye metodar og metodvalidering
- Følgje opp kvalitetskontrollar
- Holde seg fagleg oppdatert
- Delta i opplæring og undervising
- Delta i rutinearbeid
- Delta i blodprøvetaking og i vaktarbeid ved behov
- Som stedfortreder for seksjonsleiar gjeld i hovudsak beskrivinga over ansvar og hovudoppgåver som er gitt for seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør
- Relevant erfaring og utdanning er ein fordel
- Må meistre norsk godt både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Kunne arbeide nøyaktig, sjølvstendig og målretta
- Kunne takle variasjon i arbeidstempo
- Vere løysingsorientert
- Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid
- Leiareigenskapar vert vektlagd for funksjonen som stedfortreder
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Lønn ihht gjeldande overeinskomst
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Bioingeniør
Nøkkelord
Fagbioingeniør
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Jorunn Nygård
- Stillingstittel
- Sjefsbioingeniør
- Telefon
- 55 97 57 89
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen