Utløpt

Førsteamanuensis i universitetspedagogikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Førsteamanuensis i universitetspedagogikk
Frist
01.09.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY (https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY)


Førsteamanuensis

Ved Institutt for pedagogikk, Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i universitetspedagogikk.

Institutt for pedagogikk inkluderer lærarutdanning, utdanningsvitskap, spesialpedagogikk og universitetspedagogikk. Det er om lag 40 tilsette ved instituttet. Program for universitetspedagogikk består for tida av ein professor, fem førsteamanuensar og ein doktorgradsstipendiat i fulltidsstillingar. Instituttet har per i dag sju forskingsgrupper.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Den som vert tilsett vil ha sin arbeidsplass ved Institutt for pedagogikk og arbeidsoppgåver vil verte knytt til det universitetspedagogiske fagmiljøet. Den universitetspedagogiske aktiviteten retter seg mot heile universitetsmiljøet og inkluderer undervising, rådgjeving og forsking.

Undervising

  • Undervisinga retter seg hovudsakleg mot UiB sine undervisarar (vidarekomne studentar, stipendiatar og vitskaplege tilsette), men også i nokon grad mot administrasjonen og utdanningsleiarar.
  • Undervisingsoppgåvene vil vere knytt til det universitetspedagogiske kurstilbodet som mellom anna skal sikra ei pedagogisk skulering av dei tilsette ved UiB. I dag vert det kravd at alle nytilsette i faste vitskaplege stillingar som ikkje kan dokumentere pedagogisk basisutdanning, går gjennom opplæring som tilsvarar minimum 200 timar. Fagmiljøet har nyleg føretatt ein grundig revisjon av programmet. Frå hausten 2020 vil programmet vere endra slik at det då er bygd opp av fire hovuddelar: ein modul om kursdesign og introduksjon til undervisning, ein om dokumentering og evaluering av undervisingseffektivitet, eit pedagogisk prosjekt som varer eit semester og fleire valfrie kurs med eit stort temamangfald rundt undervising og læring (som forskingsrettleiing, instruksjonsstrategiar, tilgjengelegheit, vurdering). Det er behov for å utvikle og gjennomføre fleire nye kursmodular innan dette tilbodet og for SoTL, refleksive praksisar, utdanningsteknologiar, likskap innan undervising og læring og forskingsrettleiing). UiB læringslab  er ei stor og langsiktig satsing på digitale løysingar for utdanning med etablering av digitale undervisingsarenaer tilpassa faglege og pedagogiske målsetnader, og det universitetspedagogiske miljøet bidreg også med kurstilbod her. Stillinga vil ha undervisingsoppgåver knytt til heile kursporteføljen.

Rådgjeving

  • Rådgjevinga femner breitt og rettar seg mot utdanningsleiing på alle nivå ved UiB, mot fagmiljø, og mot einskilde tilsette.
  • Den som vert tilsett vil også delta i dei mindre og større konsulenttenestene som den universitetspedagogiske eininga utfører for ulike fagmiljø på universitetet, og elles ta del i andre generelle arbeidsoppgåver innan universitetspedagogikken.

Forsking

  • Det er forventa at den som vert tilsett i stillinga skal ta del i samarbeid om forskingsprosjekt, søknadsskriving og publisering.
  • Den som vert tilsett vert venta å gå inn i ei av forskingsgruppene ved instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar:

  • må på søknadstidspunkt ha disputert. Minstekravet til kompetanse er oppnådd doktorgrad.
  • må kunne dokumentere forsking innafor område med tema av relevans for universitetspedagogikk
  • må kunne dokumentere undervisingserfaring på universitetsnivå og det er viktig at søkjaren har erfaring med å leie andre i universitetspedagogisk utviklingsarbeid
  • må kunne vise til gode kommunikasjonsevner og kunne kommunisere forskingsbaserte pedagogiske perspektiv til undervisarar og leiarar på tvers av disiplinar
  • må kunne demonstrere forståing for universitetsutdanninga si rolle og utfordringar i nasjonal og internasjonal samanheng, og det er ynskjeleg med god kjennskap til utdanning i den norske universitets- og høgskulesektoren
  • bør syne evne og/eller vilje til å bidra med programmering og konsultasjon retta mot teknologi i utdanning
  • må kunne dokumentere pedagogisk basiskompetanse.
  • må vere innstilt på samarbeid og teamarbeid retta mot fagutvikling, og må ha erfaring frå slikt arbeid.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk eller engelsk. Det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan rimeleg tid etter tilsetjinga.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til. Førsteamanuensen vil ha sin arbeidsplass i Bergen, ved Det psykologiske fakultet.  

Det vil bli gjennomført intervju, prøveforelesing og referanseinnhenting i tilsetjingsprosessen. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for desse stillingane. Undervisingsspråket er til vanleg norsk, men Program for universitetspedagogikk har også eigne engelskspråklege emne. 


Vi tilbyr:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/lønsramme 24, minimum alternativ 8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 573 100 - 667 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Søknaden skal innehalde:
  • CV
  • Vitnemål og attestar
  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
  • Vitskapelege publikasjonar du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maksimalt 10)
  • Undervisingsportefølje som skal skildra og dokumentere pedagogiske kvalifikasjonar inndelt i følgjande områder: 1-pedagogisk grunnsyn (pedagogisk filosofi), 2-pedagogisk og universitetspedagogisk utdanning, 3- undervisingsverksemd, 4-pedagogisk forsking og utviklingsarbeid, 5-erfaringsdeling, formidling og publisering knytt til undervisingsverksemd og universitetspedagogisk utvikling. Undervisingsporteføljen, inkludert vedlegg, skal leverast som eit samla dokument.

Følgjande vedlegg kan vere aktuelle i undervisingsporteføljen:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over master- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisingskompendium og undervisingsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervising, slik som alternative undervisingsformer, digitale læringsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

Det er særs viktig at kvart av vedlegga som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Dette gjeld også dei vitskaplege arbeida du vil skal takast omsyn til ved vurderinga.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Astrid Tolo, instituttleiar/førsteamanuensis  Astrid.Tolo@uib.no, tlf.: +47 55584881
  • Robert Gray, programansvarleg universitetspedagogikk/førsteamanuensis Robert@Gray@uib.no, tlf.: +47 55584847

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgate 13, 5015 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Veileder
Følg firma
1205 følger dette firmaet

Christiesgate 13, 5015 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 183731077
Sist endret 3. jul. 2020 09:52

Rapporter annonse