Utløpt

Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor  i

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i samfunnsfag
Frist
10.08.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i samfunnsfag for perioden 01.09.20-28.02.21 ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Stord.

Stillinga er 100% i 6 månader, eventuelt omrekna til ein lågare stillingsprosent over ein lengre periode. Tilsetjingsperioden kan bli forlenga.

 


    Ansvars- og arbeidsoppgåver:

    Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

    • Undervise, rettleie, vurdere, følgje opp studentar i praksis og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskriften. Desse oppgåvene vil primært vera knytt til barnehagelærarutdanninga (bachelor) og  grunnskulelærarutdanningane (integrert 5 årig master). Arbeid i andre utdanningar, kurs og oppdrag, kan bli aktuelt avhengig av søkjar sin kompetanse og instituttet sine behov.   
    • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar 
    • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen 
    • Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga 

    Kvalifikasjonskrav:
    • For tilsetjing som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad i eit samfunnsvitskapleg fag (primært sosialantropologi, sosiologi eller statsvitskap).
    • For tilsetjing som førstelektor må søkjar ha kompetanse på nivå med norsk doktorgrad innanfor eit samfunnsvitskapleg fagområde.
    • For tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha avlagt mastergrad innanfor eit samfunnsvitskapleg fag (primært sosialantropologi, sosiologi eller statsvitskap) og med god karakter.
    • Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
    • Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd. 
    • Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.   
    • Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

     

    Følgande teller positivt i vurderinga:

    • Relevant erfaring frå grunnskule eller barnehagearbeid.
    • Pedagogisk kompetanse og relevant erfaring frå  vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
    • Kompetanse når det gjeld arbeid med digital teknologi i undervisning og forsking. 
    • Kompetanse innafor organisasjon og leiing
    • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet 
    • Internasjonale faglege nettverk og erfaring frå internasjonalt arbeid 

     

    Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju.  

    Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129) fastsett av Kunnskapsdepartementet.??


    Korleis søke på stillinga?

    Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

    Vi gjer merksam på at søknadar blir vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv lasta opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

     


    Vi tilbyr:

    Vi tilbyr:

    • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
    • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
    • Høve for trening i arbeidstida

    Stillinga som førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor  er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/  1198/ 1008. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


    Generell informasjon:

    Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Søkaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

    Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

    Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hull i CV. 


    Kontaktperson(-ar) ved Høgskulen på Vestlandet:

    1) Førsteamanuensis Leif Tore Trædal, tlf: 53 49 13 24

    2) Instituttleiar Jan Helge Kallestad, tlf. 55 58 59 43 / 480 64 897


    Om arbeidsgiveren

    Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

    Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

    HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

    Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

    Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

    Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og  masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.  

    Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med  viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Klingenbergvegen 4, 5414 Stord
    Bransje
    Forskning, utdanning og vitenskap,
    Offentlig administrasjon
    Stillingsfunksjon
    Undervisning og pedagogikk,
    Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor
    Følg firma
    431 følger dette firmaet

    Klingenbergvegen 4, 5414 Stord

    Stort kart Hybridkart Flyfoto

    Annonseinformasjon

    FINN-kode 183662066
    Sist endret 2. jul. 2020 14:16

    Rapporter annonse