Psykolog 2x100% vikariat - PPT
- Arbeidsgiver
- Øygarden kommune- PPT
- Stillingstittel
- Psykolog 2x100% vikariat - PPT
- Frist
- 16.08.2020
- Ansettelsesform
- Vikariat
Det vert no lyst ut etter psykolog/psykologspesialist i PPT, 100 % årsvikariat frå 1.9.2020, under området Oppvekst
Stillingane er i PP-tenesta, og vil ha ein sentral plass i tenesta sitt arbeid med rådgjeving til foreldre og tilsette i barnehage og skule, i møte med barn og unge, og sakkunnig utgreiingsarbeid. Vi legg vekt på å nytta den unike fagkompetansen til kvar enkelt medarbeidar.Satsingsområde og fagprofil er inkluderande pedagogikk og nyare utviklingspsykologi med fokus på relasjonar og samspel, førebygging,tidleg intervensjon og pedagogisk/psykologisk utviklingsarbeid. Det tverrfaglege arbeidet vert tilrettelagt gjennom ulike samarbeidsorgan og team innan tenesta, og på tvers av tenester. Øygarden kommune jobbar etter prinsippa i BTI Betre Tverrfagleg Innsats!Arbeidsoppgåver:
- Deltek i ulike tverrfaglege team og nettverk
- Konsultasjon, rådgiving og rettleiing med/til skular, barnehagar og andre
- Systemarbeid med skular og barnehagar
- Er ein del av eit tverrfagleg team internt på kontoret
- Utgreiing av barn og unge
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Profesjonsstudium i psykologi, gjerne med spesialistutdanning. Eventuelt vert det lagt til rette for å spesialisere seg
- Anna relevant høgare utdanning på masternivå kan bli vurdert
Ønskjeleg med:
- Praksis/erfaring med barn og unge, utgreiing, tiltaksutvikling og rettleiing
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
Anna:
Du må kunne nytte eigen bil i tenesta
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT) gjev barn og foreldre råd og rettleiing om utvikling, opplæring, trivsel og tilpassing i heim, barnehage og skule.
PPT utgreiar og gjev råd om behova til barn for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning (0 -16 år). PPT er også sakkyndig for vaksne med behov for spesialundervisning på området for grunnskulen.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 5353 Straume
- Bransje
- Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Psykolog
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Sissel Fuglestad
- Telefon
- 91 14 82 77
5353 Straume