Ledig 100 % stilling som rådgjevar innan arealplan
- Arbeidsgiver
- Eidfjord kommune
- Stillingstittel
- Rådgjevar arealplan
- Frist
- 02.09.2021
- Ansettelsesform
- Fast
Eininga Drift & Forvaltning i Eidfjord kommune har ledig 100% stilling som rådgjevar innan arealplan.
Forvaltningsavdelinga består i dag av sju årsverk og er ansvarleg for handsaminga av saker innanfor m.a. plan, byggjesak, landbruk, vilt- og naturforvaltning, kart- og oppmåling, og matrikulering.
Eidfjord kommune er ein hyttekommune med stor byggjeaktivitet, særleg i fjellet. Mange av sakene våre er plansaker, og dermed ynskjer me å tilsetja ein arealplanleggjar til. Me ser etter nokon med interesse for feltet, som kan bidra til god kvalitet i kommunen sitt planarbeid.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:
- Handsama private arealplanar
- Førebu plansaker til politisk handsaming
- Utarbeida kommunale arealplanar
- Rettleia private, utbyggjarar og næringsliv
- Ajourføring og forvaltning av kommunen sine kartbasar
Dei to rådgjevarane for arealplan fordeler oppgåver mellom seg.
Som tilsett på eininga må du dessutan rekna med å ta del i oppgåver knytt til tilgrensande saksfelt.
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, fortrinnsvis innan arealplanlegging
- I særlege tilfelle kan lang erfaring innan fagfeltet kompensera for manglande utdanning
- Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel men ikkje eit krav
- Det er ynskjeleg med kjennskap til plan- og bygningslova
- Evne til å arbeida nøyaktig, effektivt og sjølvstendig
- Evne til å formulera deg klart og tydeleg skriftleg og munnleg
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Me tilbyr
- Høve til vidareutdanning
- Høve til å vera med og påverka eigen arbeidskvardag
- Hjelp til å skaffa bustad
- Løn etter avtale
Dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med assisterande einingsleiar for Drift & Forvaltning, Louise Pettersen
Informasjon om Eidfjord kommune finn du på våre nettsider www.eidfjord.kommune.no
Søknad med CV kan du senda inn elektronisk, via elektronisk søknadsskjema på heimesida til Eidfjord kommune.
Arkivsak 21/666
Om arbeidsgiveren
Eidfjord kommune ligg inst i Hardangerfjorden i noko av det flottaste fjordlandskapet Vestlandet kan by på. Kommunen er liten i innbyggjartal, men stor i areal og aktivitet
- Nettverk
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord
- Bransje
- Konsulent og rådgivning,
- Offentlig administrasjon,
- Eiendom
- Stillingsfunksjon
- Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger,
- Ingeniør / Oppmåling og kartlegging,
- Rådgivning
Nøkkelord
saksbehandling, plan, arealplanlegging, reguleringsplaner, GIS-Line
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Ass. einingsleiar Drift & Forvaltning
- Stillingstittel
- Louise Pettersen
- Telefon
- 53 67 35 00
Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord