Utløpt

Testleiar / Testar

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Testleiar / Testar
Frist
16.08.2020
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS
  

Vil du jobbe med meiningsfull og samfunnsnyttig testing, og bli vår nye testleiar/testar for Datavarehus og Rapportering? 

Ønskjer du å bli ein del av ein bransje som står ovanfor store teknologiske løft, med moglegheit for å forme IT-løysingar til eit framtidsretta helsevesen? Vi har behov for å styrke datavarehus-og rapporteringsteamet med ein engasjert testleiar/testar som vil spesialisere seg innan BI-området.

Det pågår ein digital transformasjon av helsevesenet og det er stort fokus på å nytte styringsinformasjon for å nå måla om god og oppdatert kunnskap i spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Helse Vest har over fleire år bygd opp ein solid data-grunnmur for å kunne stille saman kjelder, og følgje befolkninga si helse og sjukdomsforhold over livsløpet som grunnlag for betre kunnskap. Dette har til dømes vore særs nyttig dei siste månadene for å raskt kunne rapportere og predikere antall innlagde og planlegge bemanning i sjukehusa knytt til Covid-19.

Seksjon for Styringsdata består av 19 engasjerte medarbeidarar med høg kompetanse innan Business Intelligence. Vi utviklar og forvaltar løysingar for styring og kvalitetsforbetring i sjukehusa i Helse Vest, og seksjonen skal sikre eit heilskapleg og påliteleg datagrunnlag for vidare analyse og konsistent informasjon til beslutningstakarar i sjukehusa.

Det vil verte gjennomført naudsynte kurs og opplæring ved tilsetjing, så nyutdanna med interesse for heile testprosessen oppmodast òg til å søke. Relevant praksis/erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.

 

Arbeidsstad: Bergen eller Stavanger
Kandidatar vert vurdert etter kvart som dei søkjer.          

Arbeidsoppgåver

Som testleiar/testar får du ansvar for å planlegge, gjennomføre og dokumentere test i tett samarbeid med brukarane og utviklarane. Du vil vere viktig for å redusere risiko og effektivisere leveransane ved at vi får avdekka feil/manglar tidlig i ein leveranse. Dette vert oppnådd ved at du bidrar med kvalitetssikring i alle fasar i prosessen.

Oppgåvene består mellom anna av

  • deltaking i arbeidsgrupper samansett på tvers av ulike einingar i Helse Vest
  • ansvar for heile testløpet - frå å utforme akseptansekriterier til produksjonssetting
  • utarbeide testplanar, testkrav og testtilfelle
  • følgje opp og bistå brukarane med gjennomføring av akseptansetest
  • verifikasjonstest etter produksjonssetting

Det vil òg vere di oppgåve å nytte Helse Vest sin testmetodikk på ein hensiktsmessig måte innan BI området. 

Kvalifikasjonar

Du bør ha høgare utdanning - fortrinnsvis teknisk, samt 

interesse for

  • styringsinformasjon 
  • test og kvalitetssikring
  • brukeroppleving

og kunnskap om

  • testmetodikk, sertifisering tel positivt
  • testleiing og testarbeid
  • relevante testverktøy
  • smidige metodar som Scrum og Kanban
  • helsesektoren og BI området tel positivt

Det er eit krav at du beherskar norsk skriftleg og munnleg - fluent Norwegian.

Du

  • er strukturert, systematisk og nøyaktig
  • samarbeider og kommuniserer godt med både teknologar og klinikarar
  • har gode relasjonelle eigenskapar og er serviceinnstilt
  • klarer å handtere ei stor kontaktflate på tvers av fagområder
  • har analytiske ferdigheter
  • har evne til å motivere og følje opp
  • er initiativrik og glad i utfordringar
  • er målbevisst og er opptatt av kvalitet i leveransane
  • er sjølvgåande, men likar å arbeide i team både som deltakar og som drivande kraft 

Vi tilbyr

  • ein jobb i ein bransje som står ovanfor store teknologiske løft, med mogelegheit til å forme IT-løysingane til eit helsevesen for framtida
  • eit nyskapande miljø med høgt tempo basert på smidige metodar
  • spanande oppgåver innanfor både lokale, regionale og nasjonale prosjekt
  • gode høve til fagleg utvikling blant dyktige og motiverte kollegaer
  • ein arbeidsgjevar som satsar på trivsel og kunnskapsbygging
  • eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med stor grad av medarbeidar-tilfredsheit
  • fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid
  • løn etter avtale
  • medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar 

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 600 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

Sektor
Offentlig
Sted
Ibsens gate 104, 5059 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 4016 Stavanger
Bransje
IT - programvare
Stillingsfunksjon
IT utvikling / QA/Testing

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Farestvedt
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
95 81 66 12
Følg firma
824 følger dette firmaet

Ibsens gate 104, 5059 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 183639740
Sist endret 12. aug. 2020 14:22

Rapporter annonse