Utløpt

Førstekonsulent ved eining for eksamen campus Bergen

Arbeidsgiver
Høgskulen på Vestlandet
Stillingstittel
Førstekonsulent ved eining for eksamen campus Bergen
Frist
05.08.2020
Ansettelsesform
Vikariat
Ved Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for studieadministrasjon, eining for eksamen er det ledig ei mellombels stilling i 100% som førstekonsulent for perioden 01.09.2020 til og med 31.01.2021.

Stillinga er knytt til Avdeling for studieadministrasjon, eining for eksamen som har ansvar for organisering og gjennomføring av eksamen på campus Bergen. Eining for eksamen har 27 tilsette, der 16 er knytt til campus Bergen. Eksamensarbeid er i stor endring i forhold til digitale arbeidsprosessar og stillinga vil være med å forme utviklinga av dette.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:
  • eksamensførebuande arbeid og gjennomføring av eksamen, samt informasjons- og rettleiingsansvar knytt til eksamensrelevante spørsmål
  • sakshandsaming (søknads- og klagehandsaming av enkeltvedtak)
  • samarbeid med fakulteta sine faglege- og administrativt tilsette

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formal kompetanse.
  • erfaring frå liknande arbeid i universitets- og høgskulesektoren er ein fordel.
  • erfaring med sakshandsaming i offentleg sektor og juridisk kompetanse vert lagt vekt på.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • god digital forståing og kompetanse er ein fordel

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • erfaring med bruk av Felles studentsystem (FS).

 

Personlege eigenskapar:

  • fleksibel, sjølvstendig, og med gode samarbeidsegenskapar
  • trivast med å jobbe i eit hektisk miljø
  • serviceinnstilt
  • løysingsorientert og systematisk

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som førstekonsulent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1408.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. offentlegheitslova kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV. 


Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Einingsleiar eksamen Gunhild Raunsgard, telefon: 55 58 76 28 eller e-post: gunhild.raunsgard@hvl.no

2)  Avdelingsleiar Avdeling for studieadministrasjon Espen Fosse, telefon: 52 70 26 16 eller e-post: espen.fosse@hvl.no

 


Samspel, berekraft og nyskaping

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. 

Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)

Video: https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be (https://www.youtube.com/watch?v=z-Py_In-Eyg&feature=youtu.be)


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sektor
Offentlig
Sted
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Saksbehandler
Følg firma
431 følger dette firmaet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 183434676
Sist endret 30. jun. 2020 09:41

Rapporter annonse