Utløpt

Sjukepleiar 100% fast, v/demensavd. på Sundheimen

Arbeidsgiver
Øygarden kommune -
Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast, v/demensavd. på Sundheimen
Frist
17.08.2020
Ansettelsesform
Fast

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar  tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 10 pasientar. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskjer
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid

 

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

 

Eigenskapar:

  • Ønskjer å jobba med eldre sjuke menneskjer
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
  • Fleksibel
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

 

Anna:

  • Dette er ei fast stilling med start frå 1.september. Stillinga inngår p.t i turnus med arbeid kvar 3. helg, men vil frå desember vere ein del av årsplan. Inntil 20% av stillinga er timebank
  • Vernepleiar kan søke og vil bli vurdert
  • Erfaring frå sjukeheim og gjerne med erfaring med demente brukarar.

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i turnus er for tida løna kr 25 000 per år over gjeldande tariff i Øygarden kommune

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar på natt er for tida løna kr 65 000 per år over gjeldande tariff i Øygarden kommune

 

Kontakt:

-       Einingsleiar : Janne Thode , 56339720/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no

-       Avdelingsleiar: Renate Forland  : 56339710 renate.forland@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Om arbeidsgiveren

Sundheimen , lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 10 pasientar. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.

Sektor
Offentlig
Sted
5382 Skogsvåg
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Sykepleier,
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Janne Thode
Telefon
56 33 97 20
Kontaktperson
Renate Forland
Telefon
56 33 97 10
Følg firma
320 følger dette firmaet

5382 Skogsvåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 183336369
Sist endret 22. jul. 2020 16:02

Rapporter annonse