Utløpt

Ledige stillingar på Maskeavdelinga på Det Norske Teatret

Arbeidsgiver
Det Norske Teatret
Stillingstittel
MASKØR- OG PARYKKMAKARAR
Frist
31.07.2020
Ansettelsesform
Fast

Det Norske Teatret har fire ledige stillingar på Maskeavdelinga: to faste og to vikariat. Vikariata tar til 1. november. Det eine går til 1. april, det andre til 20. juni 2021. Vikariata kan bli forlenga.

Vi søker deg som

  • har fagbrev/bachelor som maskør- og parykkmakar, eller tilsvarande
  • har røynsle frå teater, opera, film eller TV
  • er initiativrik, kreativ og sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner
  • Er serviceinnstilt og fleksibel

 Hovudoppgåver

  • Vere med og skape produksjonar i tråd med dei kunstnarlege visjonane innanfor vedtekne rammer
  • Avvikle framsyningar

Vi tilbyr

  • utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • eit triveleg og kreativt arbeidsmiljø
  • fagleg utvikling
  • lønn og pensjon etter avtale

 Arbeidstida vil variere, og du må vere innstilt på helgearbeid. Skriv i søknadsbrevet om du ønsker å søke både fast stilling og vikariat.

 Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.

Søknadsfristen er 3. august, sjå fullstendig utlysing på Det Norske Teatrets heimeside.

Om arbeidsgiveren

Det Norske Teatret er landets største teater. Om lag 250 000 publikummarar ser kvart år framsyningane våre, som det i 2019 var nær 1400 av. Vi har 240 tilsette og tar mål av oss til å vere eit djervt, ope og engasjerande teater på høgt europeisk nivå, og gjennom det eit fyrtårn for nynorsken.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
4
Sted
Kristian IV sg 8, 0164 Oslo
Bransje
Kunst og kultur,
Underholdning
Stillingsfunksjon
Design,
Frisør,
Saksbehandler

Nøkkelord

teater, kultur, kunst, sminke, hår

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tonje Lie
Stillingstittel
Avdelingsleiar Maskeavdelinga
Mobil
97 78 10 09
Følg firma
573 følger dette firmaet

Kristian IV sg 8, 0164 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 182472319
Sist endret 31. jul. 2020 14:20

Rapporter annonse