Vil du vere med og sikre minnet til nasjonen?
- Arbeidsgiver
- Arkivverket
- Stillingstittel
- Rådgivar/seniorrådgivar
- Frist
- 12.07.2020
- Ansettelsesform
- Vikariat
Du får jobbe i ein seksjon med 14 dyktige medarbeidarar som har ansvar for å identifisere kva Arkivverket skal bevare for ettertida frå offentlege og private verksemder, og som utviklar lover og regelverk på fagfeltet. Vi koordinerer arbeidet med privatarkiv i Noreg, og arbeider med utviklings- og utgreiingsoppgåver internt i Arkivverket og ut mot arkivsektoren.
Om stillinga
Vi har ledig eit vikariat på 1 år. Hos oss kjem du til å jobbe med saksbehandling av utviklingsmidlar til privatarkiv. Du skal også vere med og bidra i utviklinga av privatarkivplanar både for Arkivverket og på generelt nivå. Du skal vere med og gjere bevaringsvurdering av privatarkiv og kommunisere med og rettleie private arkivskaparar. Du kjem også til å vere med og bidra i utviklinga av faglege nettverk for privatarkiv. Det kan bli lagt andre oppgåver til stillinga.
Vi ser etter deg som
- har høgare utdanning innanfor samfunnsfag, informasjonsvitskap eller humaniora
- har kunnskap om arkivsektoren i Noreg
- helst har kjennskap til dokumentasjonsforvaltning i privat sektor i Noreg
- har kompetanse i bruk av sak-/arkivsystem og anna relevant programvare
- har erfaring med fagleg nettverksarbeid
Vi ønskjer at du har
- god gjennomføringsevne og likar å samarbeide og dele kompetanse
- evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- evne til rask omstilling til nytt arbeidsmiljø og nye oppgåver
Vi tilbyr
- lønn på rådgivar-/seniorrådgivarnivå
- gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse (det blir trekt 2 % innskot frå lønna)
- spennande arbeidsoppgåver
- eit triveleg arbeidsmiljø i Stavanger eller Oslo
- enkel tilgang til offentleg transport
- høve til trening i arbeidstida og tilgang til trimløyper
Det er mogleg å tiltre stillinga raskt.
Vi oppfordrar til å søkje
Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder eller funksjonsevne. Har du behov for tilrettelegging og har spørsmål om det, kan du gjerne ta kontakt med HR@arkivverket.no.
Meir informasjon om stillinga
For meir informasjon om stillinga er du velkommen til å kontakte fagdirektør Anne Aune på telefon 48 17 68 58.
Opplysningar om ein søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25.
Om arbeidsgiveren
Arkivverket tek vare på minnet til nasjonen for ettertida. Vi er den øvste arkivmyndigheita i Noreg, og ein viktig utviklingsaktør på arkivfeltet. Som følgje av digitaliseringa av samfunnet vårt står vi for tida midt i den største omstillinga i historia til etaten. I framtida kjem vi til å vere ein av dei største dataforvaltarane i Noreg, og det krev store endringar i alt vi gjer. Vi skal tilby effektive og sjølvbetente løysingar, og bidra til å sikre demokrati, rettssikkerheit og kulturarv også i ein digital tidsalder.
https://www.arkivverket.no/
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Stavanger / Oslo, 4012 Stavanger
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Arkivar og bibliotekar,
- Samfunnsviter
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Anne Aune
- Stillingstittel
- Fagdirektør
- Telefon
- 48 17 68 58
Stavanger / Oslo, 4012 Stavanger